Raude veljarar fiskar mest

Raudt-veljarane drar mykje heller på fisketur enn på jakt, medan Senterparti-veljarane er dei mest aktive jegerane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politisk preferanse synest nemleg å vere ein viktig indikator for om du er blant dei 700 000 nordmennene som skal eller har vore på jakt eller fisketur denne hausten. Det viser ei ny undersøking utført av Norstat på vegner av sport- og ullundertøysprodusenten Devold.

Sp-veljarane jaktar mest
Det er den yttarste venstresida som skil seg tydelegast ut med fiskevanane sine. Raudt-veljarane fiskar nemleg monaleg meir enn folk med annan politisk preferanse, med dei som stemmer Kristeleg Folkeparti på ein god andreplass.

Senterparti-veljarane er dei mest aktive jegerane, tett etterfølgt av dei som stemmer Frp. I motsett ende av skalaen finn vi også KrF-veljarane, der berre 2 prosent planlegg å hive børsa over skuldra og setje kursen til skogs.

Fleire kvinner jaktar
Jakt og fiske er framleis domenet til mannen. Tre gonger så mange menn enn kvinner oppgir at dei tenkjer seg på jakt eller fisketur. Dette viser seg også gjennom kven respondentane skal på jakt med. Menn jaktar nemleg gjerne med venner eller som ein del av eit jaktlag, mens så mange som 6 av 10 kvinner oppgir at dei jaktar saman med familien.

Espen Farstad i Norges Jeger og Fiskerforbund meiner likevel delen kvinner som jaktar er aukande.

– Vi ser at kvinna er på full fart inn i jakt-verda. I 1970 var det 400 kvinner som jakta. I 2011 var talet 8540. Så her må vi berre rydde plass og ønske kvinner velkommen. Det beste vi kan gjere er å byggje kameraderi rundt jaktopplevinga, også for kvinner, seier Farstad. (©NPK)