Den norske skogen veks

Det er 15.000 tre per innbyggjar i Noreg og det blir stadig meir skog.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange tre er det i Noreg

I dag er det truleg over 10 milliardar tre i Noreg og fleire veks til.

– Medrekna småplanter er det i alt 80 milliardar tre i landet. Det blir over 15.000 tre per innbyggjar, seier forskar Aksel Granhus ved Norsk institutt for skog og landskap til Forskning.no.

Av alle trea i Noreg er over fem milliardar lauvtre, 1,4 milliardar furutre og rundt 3,2 milliardar er gran. Dei andre tresortane er det langt færre av, ifølgje forskaren.

Rapporten «Skogen i Norge» viser at tilveksten er meir enn fordobla dei 80 siste åra, og at tømmervolumet nærmar seg ein milliard kubikkmeter. Sjølv om det finst mange lauvtre, er grana likevel den viktigaste arten, både når det gjeld volum og økonomi.

– Dersom vi reknar i tømmervolum, kjem dei relativt små bjørketrea til kort. Gran står for nesten halvparten av volumet i norske skogar, furu utgjer ein tredel og bjørk litt over 15 prosent, fortel Granhus. (©NPK)

QUIZ: Er du god på norsk geografi? Prøv geografi-quizen vår!

Faktaboks

1. Bjørk: 4 milliardar
2. Gran: 3,1 milliardar
3. Furu: 1,4 milliardar
4. Gråor: 342 millionar
5. Rogn: 276 millionar
6. Osp: 131 millionar
7. Selje: 124 millionar
8. Eik: 87 millionar
9. Hassel: 75 millionar
10. Hegg: 38 millionar