– Unge har dårleg arbeidsmoral

Fire av ti leiarar meiner unge har dårlegare arbeidsmoral enn andre tilsette. Men det er ikkje dei unge tilsette sjølv einige i.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå ei fersk arbeidsmarknadsundersøking gjort av Respons Analyse AS for bemannings- og rekrutteringsselskapet Proffice.

– Generasjon Y, dagens 20-åringar, har for lengst fått rykte på seg for å vere illojale mot arbeidsgivarar, motiverte av lønn og for å ville ha større balanse mellom jobb og fritid. Dei har god råd og har blitt fortalt av foreldra sine at dei har uendelege moglegheiter. Funna i undersøkinga kan tyde på at mange leiarar meiner det er liv i dette ryktet, seier Stein André Haugerud, direktør i Proffice.

I undersøkinga blei leiarar som har tilsette under 30 år i bedrifta si, spurt kva dei synest om arbeidsmoralen til denne gruppa. 41 prosent meinte at dei unge har dårlegare arbeidsmoral enn dei andre tilsette, medan berre 6 prosent meiner arbeidsmoralen til dei unge er betre.

Talane står i skarp kontrast til kva unge tilsette sjølv meiner. Halvparten meiner at arbeidsmoralen deira er betre enn hjå andre kollegaer, medan berre 1 av 10 meiner han er dårlegare. (©NPK)

Kva meiner du om undersøkinga?