Treng du hjelp med å finne norske nettbutikkar å ta julehandelen i? Sjekk ut lista vår!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka vart skriven i desember 2020, og er oppdatert i desember 2021.
I koronatida vert me oppmoda til å støtta lokalt næringsliv, men det er ikkje alltid like lett i nettjungelen der dei største får mest merksemd.
Difor har me laga ei liste over små, norske nettbutikkar der du kan finne unike julegåver, som gjev deg litt betre samvit.
Det finst nokre samlesider:
Her finn du fleire lokalmatprodusentar, dyrket.no, smakilom.no og norskmat.no.
Her finn du små, norske nettbutikkar med handarbeid: epla.no og perlemarkedsplass.no.
På Amoi.no kan du bestille varer frå mindre butikkar i Oslo, på lokalbrygg.no sel dei øl frå små bryggeri.
Oslos supermarked
Digital julemarknad er ei samleside med ei rekke norske aktørar.
Her finn du unike, norske design: illustrasjonar, kunst, keramikk, smykker, hudpleie, foto, litteratur, mat og drikke, tilbehør, interiør og klede.
I tillegg vert det arrangert digital julekalender på Facebook-sida.
My Visible Mend
My visible mend har fokus på å gjere det lettare å reparere klede og tøy, og sel utstyr til det.
TøyenStæsj
TøyenStæsj lagar berekraftige, unike yoga-produkt.
Linneá Myhre Shop
Sosial distansering er etterkvart blitt ein merkevare for forfattar og bloggar Linneá Myhre, som under koronaen har lansert ein passande nettbutikk.
Dette er den nye gåva for den du er glad i.
@prokrastinerer
Denne vesle Twitter-butikken sel handlaga strikkeprodukt, med ein Pride-twist. Strikka regnbogeflagg, strikka regnbogevottar, strikka pride-pins og strikka drikkebrikker!
Kortlevert
Personlege trykkvarer som kalendar, kort og invitasjonar – og fine nynorsk-produkt som koppar, handlelister og notatbøker.
Trykka og produsert i Årdal.
Hei fredag
Nips, interiør, bøker, godis og barneprodukt kurert av forfattar og fotograf Mariell Øyre, også kjend som Hjartesmil. Målet er å samla helgekjensla i ein butikk. Den fysiske butikken ligg i Lærdal.
Tronsmo
Tronsmos bokhandel i Oslo er ein uavhengig bokhandel i Oslo, som vart starta i 1973. For nokre år sidan vart bokhandelen kasta ut av sine lokalar, men opna opp att i Universitetsgata 12.
Leske.no
I 2016 startet brørne Christian Stray-Jansen og Alexander Jansen opp LESKE AS fordi dei ville gi seg sjølv og andre eit betre utval av alkoholfrie drikkar.
Annichedesign
Anniche designar og lagar smykkene sine sjølv, med handplukka blomar, med glasbobler og gull. Ingen smykke er like.
Jannes hobbykrok
Dialektnett med dialektord frå Innlandet, personlege gåver som handbroderte bamsar, koseklutar og julekuler mellom anna.
Strikkdet
Strikkdet sel fine gåveartiklar til dei som er glad i å strikke.
Fru Steens
Her finn du skriveprodukt og papirvarer frå heile verda, i tillegg til ein eigen kolleksjon illustrerte produkt. Butikken har også fysiske lokale i Lillesand.
Pakkenellik
Vossabutikken har også nettbutikk der du finn nips og småting til både vaksne og barn. Klede, leiker, interiør, godis og meir.
Northern spells
Basert i Bergen har denne nettbutikken teke sikte på å levere produkt til heile verda, og får pakkehjelp frå Grønneviken AS som har arbeids- og opplæringsplassar til dei som fell utanfor arbeidslivet.
Her finn du klistremerker, pins, munnbind, strykemerker, smykker og nøkkelknipper.
NaughtyNeon
Lag ditt eige neonskilt!
Prisløs
Starta som eit pop-up-prosjekt men har no fått premanent nettbutikk og fysiske lokaler i Trondheim. Her finn du eit nøye kurert utval med vintageklede, tilbehør og redesign.
Ence
Denne nettbutikken forsøker å samla bærekraftige produkt og krev at produsentane tilbyr eit trygt og rettferdig arbeidsmiljø, at emballasjen kan gjennvinnast og at produksjonen av varene skal forureina minst mogleg.
Her finn du interiør, klede, sminke, mobildeksel og meir.
Mi+Moe
Den bergensbaserte nettbutikken sel bivoks-produkt, som hjelper deg å halde maten frisk samstundes som du produserer mindre bós!
@Violetwatercolours
Dette er ein instagram-konto som sel handmåla bokmerke.
Skinup
SkinUp vart etablert i 2017 og sel koreanske hudpleieprodukt, med lager i Noreg.
Fitjar Islands
Denne nettbutikken har produksjonslokaler på Fitjar, på Vestlandet. Dei lagar såper, shampoo, barberkrem og nyleg handdesinfeksjon. Det meste er vegansk og ingenting er testa på dyr.
Sukker design
Handlaga, unike produkt laga av trønderske og norske designarar og formgivarar.
Her finn du klede, smykker, vesker, keramikk, måleri, grafikk, interiør, treprodukt og meir.
Butikken har også fysiske lokale på Bakklandet i Trondheim, og vert driven av designarane sjølv.
Bee organic
Denne nettbutikken har produkt som skal vere miljøvenlege og gode alternativ til plast.
Her finn du tøybind, menskopp, bivokspapir, handlenett, bambustannbørster, matboksar, termokoppar, plastfrie sandalar og meir.
Heim bryggen
Konseptbutikk med fokus på norsk og nordisk design. Har fysiske lokale i Bergen på Bryggen.
Her finn du typiske gåveartiklar, nips, munnbind, provoserande smykke med banneord, klede med morosamme trykk, tiger king-julekuler, plakatar, interiør, kontorartiklar, bøker og godis.
Sosialantenne
Illustratør, designar og kunstnar Johanna Warberg står bak denne nettbutikken med eigne plakatar, av kongen i utfordrande positurar, Jesus og Donald Trump som du aldri har sett dei før. I tillegg lagar ho unike golvtepper, speil og anna.
@Ingrid Marie design
På denne Instagram-kontoen kan du kjøpe ferdige trykk-design eller få illustrasjonar på bestilling.
Akiaxel
Den norske design-studenten Aki Axel Caspersen har laga seg nettbutikk på society6.com, og her kan du kjøpe ei rekke ulike produkt med designa hans på. Laptopveske, handklede, klokke, sengetøy, puter, munnbind og meir.
Stig Fostervold
Også Stig Fostervold har laga nettbutikk på same side, og sel produkt med designa hans laga i Paint (!), eller av bilete han har teke.
Johanne Teigen Scarves
Designar og kunstnar Johanne Teigen lagar sjal med trykk frå bileta hennar. Her finn du fargerike sjal, badesjal og scrunchies.
Nina Austnes
Kunstnar Nina Austnes sel sine kunstverk på etsy.com. Her finn du også ein bunke postkort.
Nille illustrations
Nille illustrations er barnebokillustratør og har mellom anna skrive fleire barnebøker som omhandlar LHBT+-tema. Her finn du poskort, plakatar, handlenett og koppar.
Ho har også galleri i Bergen på Bryggen.
Gunvor
Illustratør Gunvor Rasmussen frå Bergen sel produkt med illustrasjonane hennar på: plakatar, kort, notatbøker, handlenett og t-skjorter.
Too many prints
Ei rekke trykk og plakatar frå norske kunstnarar og designarar. Med fysiske lokale i Oslo.
Stilea.no
I denne nettbutikken finn du norske og skandinaviske plakatar, trykt i Bergen. Her finn du Henrik Ibsen og Edvard Grieg i pop art-versjon, Bergen og Trondheim i fargerike variantar og meir.
Pictureit.no
Denne nettbutikken vart starta i Kristiansand og ekteparet bak butikken designar plakatar, armbånd, klokker og andre interiør- og gåveartiklar, og hentar mellom anna inspirasjon frå norske ord og dialektuttrykk.
Alle plakatar vert trykt i Kristiansand, og all pakking skjer på Varodd, ei arbeidsinkluderingsbedrift på Rige i Kristiansand.
Designbyodd.no
Norsk-designa plakatar som har blitt kjende for sine handteikna kart over norske byar, fylker og fjellområde i tillegg til dialektplakatar, fotografi og andre plakatar.
Ingrid Oline
Denne butikken starta som pop-up i Bodø i 2019, men har no blitt nettbutikk i tillegg til permanent, fysisk butikk i Bodø.
Her finn du sjokolade laga i Bodø, norskproduserte såper, treleiker, bøker, norskproduserte smykker, matboksar, handlenett og meir.
Miriel design
Josephine Ryan i Sarpsborg står bak denne nettbutikken. Ho lagar og sel unike smykker, øyredobbar og ringar.
My Mala Garden
Sandra Rappéll designar og lagar perlesmykker i Oslo og kan også laga personlege gåver, tilpassa mottakaren.
Hasla
Eit norsk smykke-merke med base i Setesdal, vart laga av søstrene Anne og Gunnhild Hasla i 1984. Alle smykkene er laga av gjenvunne sølv.
JF Curated
JF Curated / Just Fashion vart starta av Marte Djupesland i 2014. I dag representerer dei i omlag 50 små og uavhengige designarar og i nettbutikken finn du vesker, smykker, interiør, hundeband, ansiktsserum og brukte klede.
Norsk flid
Her er det samla ei rekke med norsk design innanfor bunad og bunadstilbehør, klede, yttertøy, smykker, tøflar, sitteunderlag, interiør og meir.
Preg interiør
PREG er merkevara til arbeidsinkluderingsbedrifta GREP i Grenland, eigd av kommunane Skien, Porsgrunn, Bamble og Siljan.
I nettbutikken finn du design frå eigen produksjon, i tillegg til andre kjende merkevarer. Her finn du tøyvesker, vegghyller, keramikk, poncho, skjærefjøler og meir.
Nordnes verksteder
Nordnes Verksteder lagar produkta sjølv, og er eit arbeidstiltak gjennom NAV og Bergen kommune. Her finn du handlaga produkt innanfor keramikk, treverk og tekstil: skåler, koppar, forkle, handlenett, knaggar, huer, bagasjelappar, juletrefigurar og meir.
Martin Steffensen og Kristoffer Liabø er 192 centimeter høge og sleit med å finna klede. Så dei skapte Medium tall, eit norskt, klesmerke for menn over 180 cm.
Her finn du basisplagg som t-skjorter, genserar, skjorter og ullklede til dei ekstra høge i livet ditt.
Frøken Dianas salonger
Dianas Vintage er eit norsk klesmerke med vintage-inspirerte kvinneklede, produsert av Fair & Square. I butikken finn du klede frå merket Dianas vintage, i tillegg til Fair & Square sitt eige merke, tilbehør og vintageklede.
Butikken har fysiske lokale på Grünerløkka i Oslo.
Fair & Square
Ei norsk bedrift som lagar etisk produserte klede. Fabrikken er i Kina, der arbeidarane har tilnærma norske arbeidstilhøve med 37,5 time arbeidsveke og fri i helgene, betalt ferie, pensjon og forsikring, og 6 månedars mammapermisjon med full løn.
Her finn du klede til barn og vaksne og kolleksjonar i samarbeid med Trygve Skaug, Frida Ånnevik, Øystein Hauge og Robert Tjomlid.
Manillusion
Her finn du retroinspirerte kvinneklede: kjolar, klede, tilbehør til den som er glad i rockabilly og 50-talet.
Har også fysiske lokaler på Grünerløkka i Oslo.
Kjoledamen
Denne nettbutikken har eksistert i 10 år og sel vinateginspirerte klede til kvinner: Kjolar, kåper, andre klede og tilbehør.
Retropiken
Her finn du retroinspirerte klede til kvinner, herrar og barn. I tillegg er det interiør, bøker og tilbehør.
Har fysiske lokale i Drammen.
Ask&Embla
Drive av far og dotter Anja og Arvid Holmgren med ekstra kjærleik for tekstil og kunnskap om korleis ein handterer ulike tekstilar.
I nettbutikken finn du klede, interiør, tilbehør, velvære-produkt, te, flasker og meir.
Søndre Flaskebekk
Eit norsk klesmerke som lagar vevde klede i ull. Her finn du kjolar, klede, skjerf og tilbehør.
Dapper
På Grünerløkka er dei fysiske lokala med kafé, klesutsal og barberutstyr. I nettbutikken finn du klede og tilbehør til menn, i tillegg til barberutstyr.
Godt haill
Klassiske gåveprodukt som T-skjorter, genserar og koppar med morosamme design, frå Nord-Noreg. Her finn du design som Må æ bli forbanna? og Ikke snakk når jeg avbryter.
Se de’ design
Perfekte gåveartiklar med unikt design på t-skjorter, koppar og anna, med slagside mot sørlandsk dialekt. Her finn du mellom anna t-skjorta med trykket: Sabla sød og singel.
Designa av Kine Halland frå Krisitansand.
Cil creates
Her finn du munnbind, rumpetasker, t-skjorter, sekkar, vesker og meir med grafisk design frå Cil creates, basert i Molde.
Kaftan & kimono
Den svenske designaren Hanna Linnea Sterner basert i Oslo, lagar handlaga kaftan-kjolar i mange ulike fargar.
Saup
Her finn du porselen med litt upassande trykk, som til dømes Pulestemning i sirleg skrift og nissar på sida…
Bellas emne
Den vesle butikken med fysiske lokaler på Eidsvoll stasjon, har også nettbutikk. Her finn du mykje ulikt interiør, og litt klede, velvære og tilbehør.
Prikkar
Dette er rett og slett ein butikk med masse produkt med prikkar på! Interiør, klede, julepynt og andre ting.
Butikken har også fysiske lokaler i Etne i Sunnhordland.
Mingar walker glassblåseri
Glasblåseriet held til på Jæren, men har også nettbutikk der dei sel dei handlaga glasprodukta sine.
Her finn du julepynt, fuglematarar, mugger, vasar, glas og meir.
Skaperverket
Her er det samla produkt frå norske illustratørar, grafiske designarar, klesdesignarar, keramikarar, industridesignarar, smykkedesignarar og multikunstnarar. Dei har også fysiske lokaler på Grünerløkka i Oslo.
Her finn du pakkelappar frå Reisen til julestjernen, koppar med julesongar, unik juletrepynt og meir.
Ment.no
Denne norske nettbutikken sel norskdesigna, handlaga produkt. Dei har også fysiske lokale i Fåberg i Innlandet. Produkta er produserte i Noreg og i Portugal.
Thomas fiske
Her finn du fiskeutstyr til sommarfiske og isfiske, agn og anna utstyr. Dei har også utvikla eigne modellar av mormyshkaar og lokkemeitekrokar.
Revir
Dette er ein friluftlivsbutikk med eigen kaffikrok og galleri i Oslo. I nettbutikken finn du klede, tilbehør og utstyr til friluftsliv, som sekkar, snowboard, packraft, fiskeutstyr og anna.
Sykkelpikene
I denne nettbutikken finn du sjølvsagt sykkelutstyr, syklar, elsyklar, regntrekk, vesker og meir til sykkelkvardagen.
I tillegg til nettbutikken har dei fysiske lokale i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand.
Bikeshop
Syklar og sykkelutstyr finn du sjølvsagt også her. Syklar, elsyklar, klede og sykkelsko men også treningsutstyr og meir.
Våpensmia
Våpensmia sel utstyr innanfor jakt både på nett og i butikken på Dokka i Innlandet. Dei sel mellom anna ulike eigenproduserte produkt og børsemakertenester.
Tied by Nordengen
Daniel Nordengen binder floger til fiske, for hand og sel dei gjennom Twitter.
Northern playground
Her finn du slitesterke klede i ull, med gratis reparasjon. Målet deira er at ein skal handla færre klede som varar lenger.
Nokre av produkta er produsert i Oslo, resten i Litauen hos Uteno som følgjer Greenpeace sine miljøstandardar. For kvart sal på nettsida gir dei ein sum til Utviklingsfondet som plantar tre i Afrika.
Gutta på haugen
Gutta på Haugen er ein spesialbutikk for smaksrike matvarer, med både kortreist og langreist mat frå Noreg og andre land i Europa. Her finn du særleg ost, spekemat og andre delikatesser.
Dei har også fysiske lokaler i mathallen ved Vulkan i Oslo.
=Kaffi
Her jobbar folk frå gata-miljøet og dei sel koppar, mykje ulik kaffi, godis, serveringskanner og kaffiabonnement. Dei har også fysiske lokale i Oslo.
Askim frukt- og bærpresseri
Med presseri i Askim foredlar dei frukt, bær, rabarbra, grønnsaker og rapsfrø til eigne produkt som sagt, eplemost, gelé, syltetøy og olje.
Reisa bærkokeri
Ved Reisaelva i Nordreisa, ligg Reisa bærkokeri som lagar sirup og saft av viltveksande nordnorske bær.
I tillegg til dei eigenproduserte sirups- og saftprodukta finn du også andre norske produkt som såpe, øks, belter, flatbrød, elgkjøt, ost, plakatar og mykje meir.
Valleklype.no
Her får du akkurat det: Vaffelklyper.
Sunniva Wormsen starta bedrifta etter å gjentekne gonger ha lett etter noko å pirke laus vaflar med. Frå verkstaden i Beiarn, Nordland laga ho vaffelklypene.
Lippe.no
Kaffi! Lippe brenn, pakkar og distribuerer sin eigen kaffi. Dei sel også te og andre kaffiprodukt.
Straffekaffe
Dette er kriminalomsorgen sitt eige kaffimerke. Kaffien er brent, kverna og pakka av innsatte i samarbeid med tilsette i Bjørgvin fengsel utanfor Bergen.
Ølkompani.no
Lindheim ølkompani har dyrka frukt og bær i fleire generasjonar, men dei siste sju åra har dei også brygga øl og laga cider.
Leverer i Telemark, Oslo, Asker, Bærum.
Vigdis Rosenkilde sjokoladeopplevelser
Vigdis Rosenkilde elskar sjokolade og i 2016 selde ho leiligheita, reiste til Latin-Amerika for å studere sjokoladeproduksjon og i 2018 lanserte ho sine første sjokoladeplater i Noreg, laga med sporbare kakaobønner frå Peru.
Kaktus.no
Kaktus spesialiserer seg på meksikansk mat og spesialitetar, har varer som det elles er vanskeleg å få tak i i Norge. Dei har også fysiske lokale i Oslo.
Munnvold
Her finn du sterke sausar, som ikkje er Tabasco. Justin Bieber skal ha kjøpt dei som dip til kyllingvingene på flyet.