Takkar dei som handlar julegåvene lokalt: – Det er jo deira forteneste at me små klarar oss

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For gründeren Yvonne Aga Romøren vart koronakrisa eit slag i magen.

Alt låg til rette for eit godt år for den vesle bedrifta hennar Kortlevert, som sel person-tilpassa produkt med nynorske tekstar.

Januar, februar og byrjinga av mars levde opp til forventingane og dei gjorde det godt.

– Så var det full stopp over natta då det vart lockdown i mars. Då var det stille i to månadar, fortel gründeren frå Årdal på telefon til Framtida.no.

No håpar Romøren julegåvehandelen kan sikre at dei små, norske bedriftene klarar seg gjennom pandemien.

Billegare i Kina

For det har ikkje vore nokon garanti for at julekronene går til norske bedrifter:

– Nordmenns handel i utlandet har vakse klart sterkare enn den innanlandske varehandelen dei siste åra, fortel Harald Andersen, direktør for handel i Virke, i ein e-post til Framtida.no.

Harald Andersen, direktør for handel i Virke. Foto: Presse

Han seier enkel tilgang på utanlandske nettbutikkar og eit høgt innanlandsk kostnads- og avgiftsnivå, har bidrege til denne utviklinga, i tillegg til låge fraktprisar frå sendingar frå Kina.

Koronakrisa har påvirka mykje i kvardagen, inkludert handlemønsteret vårt. Men Andersen meiner det ikkje nødvendigvis er slik at dei mindre butikkane vert hardare ramma enn dei større kjedene.

– Me har i løpet av pandemien også sett mange døme på at små frittståande aktørar som var i bransjar som slit, har gjort det veldig bra fordi dei har vore gode til å omstille seg og investere i og ta i bruk ny teknologi, sier han.

Som del av dugnaden har likevel mange teke til orde for å støtte dei norske butikkane og handle lokalt, særleg i år.

Førre vere arrangerte Instagram-kontoen @beholdoslo aksjon på Grünerløkka, for å vise kva som hadde skjedd med dei små nisje-butikkane om internasjonale kjedar hadde teke over.

Slik såg det ut:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Visitløkka (@visitlokka)

– Måtte tenke annleis

Yvonne Aga Romøren starta opp med Kortlevert i 2017. Med trykkeri hos Printfarm i same lokaler og fokus på det kjende med nynorske tekstar og person-tilpassa produkt.

Ho fortel at det er tydeleg at fleire og fleire er meir medvitne når dei handlar, og handla meir lokalt – altså frå norske produsentar og butikkar – men at koronapandemien har gjort vilkåra utfordrande.

For bedrifta som i stor grad lever av kort og invitasjonar, vart det vanskeleg når alle større sosiale hendingar skulle avlysast rundt om i landet.

– Eg måtte tenke annleis å byrja å laga andre produkt også. Eg har til dømes spelt på det nynorske og det har fungert godt. Så byrja også hendingar som hadde blitt utsette frå våren, å takast opp att på hausten. Det hjelpte veldig.

– Deira forteneste at me små klarar oss

Ho trur koronakrisa gjorde folk endå meir medvitne på kor dei handlar.

– Det vart ein vekkar for mange trur eg. Mange måtte stenge ned og noko gjorde at folk skjønte at for å ta vare på oss små, må dei handle frå oss lokale, norske og ikkje frå utlandet.

Hennar største konkurrentar er dei store kjedene med store kampanjar og rabattar, men ho trur folk set pris på det meir personlege ein får ved å handla frå mindre, uavhengige aktørar.

Romøren rosar dei mange kundane som vel å handla frå norske aktørar:

– Det er jo deira forteneste at me små klarar oss. Det er heilt klart kjempeviktig og eg trur og håpar at dei vil vere med å inspirere andre til å tenke i same gate.

Ho meiner det er viktig ikkje berre i pandemitida, men også i framtida.

– Om me ynskjer å behalda norske bedrifter og gjerne dei små, er det viktig å ha fokus på nettopp dette og bruke dei.

Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash