Solberg: Julefeiringa i år vil bli annleis

Statsminister Erna Solberg (H) seier det ikkje er rom for store juleselskap i år, og at julefeiringa vil bli annleis.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste veke vil det komme konkrete råd frå regjeringa om julefeiringa.

– Med auka reiseaktivitet aukar òg sjansen for at smitte blir spreidd, åtvara Solberg.

– Det vil derfor uansett ikkje vere rom for å planleggje dei store juleselskapa eller nyttårsfestane i år. Feiringa kjem til å bli annleis, sa Solberg.

Ho varsla òg at dei noverande nasjonale tiltaka må vare minst tre veker til.


Tale Maria Krohn Engvik, kjent som Helsesista, fotografert på Arendalsuka i 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall