Tidligare NU-leiar listetopp for Senterpartiet
Ane Hansdatter Kismul (32), som i dag er statssekretær for Ola Borten Moe, blir listetopp for Senterpartiet i Oslo ved stortingsvalet neste haust.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er med i politikken for å redda verda. For oss som vil ta naturen i bruk for å løysa klima-, mat- og energikrisa, er det berre eitt parti som gjeld, slår Kismul fast.
Kismul har berre vore statssekretær i Olje- og energidepartementet i få veker, men har tidlegare vore politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet og for Ola Borten Moe då han var stortingsrepresentant. Ho var leiar i Natur og Ungdom frå 2003 til 2006.
Ingen stortingsrepresentant sidan 1993
Svein Sundsbø (69), landbruksminister i Willoch-regjeringa, gjer comeback i politikken med andreplass på lista. Sundsbø var landbruksminister i regjeringa til Kåre Willoch, men har sidan hatt ei rekkje ulike posisjonar i nærings- og samfunnsliv
Senterpartiet har ikkje hatt nokon stortingsrepresentantar frå Oslo sidan Arne Haukvik blei vald inn ved stortingsvalet i 1993