Her er BIFF-vinnarane

Margareth Olin får prisen for beste norske dokumentar med filmen "De andre". Sjå filmen som vann studentprisen!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dokumentarfilmen De andre har Noregspremiere på fredag, men har allereie blitt vist på Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF). No har regissør Margreth Olin vunne prisen for beste norske dokumentar. Filmen handlar om einslege, mindreårige asylsøkjarar.

LES OGSÅ: – Vil løfte fram stemmer som ikkje blir høyrde

Rekonstruksjon av en familiemed regissør Charlotte Røhder Tvedt fekk heiderleg omtale.

Sons of the Clouds og regissør Álvaro Longoria fekk Checkpoints-prisen. Prispengane i Checkpoints-konkurransen går til ein organisasjon som arbeider med problematikken filmen tek for seg. Asria Mohammed Taleb mottok prisen på vegne av The Norwegian Support Committee for Western Sahara.

Havets Sølv og Are Pilskog frå Blåst Film vann prisen beste norske kortdokumentar med filmen Havets sølv. I filmen tek han for seg eit av verdas største og underlegaste naturfenomen som me finn her langs norskekysten. Det har aldri vore filma før. Knapt nokon har sett det. I nærare fire år har regissøren jobba med prosjektet. Havets sølv er ein storslegen norsk film om gigantiske sildestimar. Are Pilskog vann òg Filmwebs talentpris.

LES OGSÅ: Vekse-smerter i norsk film

Beste norske studentdokumentar gjekk til Byen som lekeplass av Malene Myrestrand. Filmen omhandlar parkour/freerunning-miljøet i Stavanger. Helge Viktor på 43 år er ikkje som andre jamaldrande. Han har halde barnet i seg og hoppar og spring rundt i byen og prøver på nye triks saman med Ole-Marius og Kenneth. Ei stor utfordring og barriere ventar han. Filmen The Betrayal og regissør Karen Winther fekk heiderleg omtale.

Sjå Byen som lekeplass under:

Byen som Lekeplass from Trygve Stakkeland on Vimeo.

Prisen for beste norske kortfilm gjekk til Å vokte fjellet av Izer Aliu. 12 år gamle Iste har berre eitt ynskje: at faren hans skal sjå på han som ein mann. Når Iste mister eit av lamma til den fattige familien, må han og lillebror hans lya ordrane til far og finne det tapte lammet. Heiderleg omtale gjekk til Høstreise ved regissør Ina Therese L. Grevstad.

Ungdommens dokumentarfilmpris gjekk til 5 Broken Cameras, og heiderleg omtale går til The House I Live in. Ungdomsfilmklubben HUFF vurderer alle dokumentarfilmane som BIFF viser for vidaregåande skular for å kåra den beste dokumentarfilmen for ungdom.

LES SISTE FILMNYTT HER!