Kaizers-avslutning i Bergen

Kaizers Orchestra har hatt stor suksess i den 10 år lange karrieren si. No skal dei snart ta eit førebels farvel.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilt sidan debuten «Ompa til Du Dør» har bandet hatt ein stor fanskare. Etter kvart klatra dei opp på toppen av dei norske salslistene, og sekstetten er kjend som eitt av dei beste livebanda landet har sett.

I 2011 var dei norske hovudnamn på alle dei store norske festivalane, deriblant Øya og Hove. Bandet fylte også den største konsertarenaen i Oslo, Oslo Spektrum, i april same år. Og spelte på Orange scene på Roskilde-festivalen framfor 50.000 publikummarar.

2. november slepp dei den siste delen i trilogien om Violeta, «Violeta Violeta Vol III». I samband med dette legg bandet ut på stor vinterturné. Til sommaren blir det også opp lagt opp til stor «finale» på Plenen på Bergenhus festning.

LES OGSÅ: Målpris til Kaizers-Janove

– Som mange veit, vil denne turneen markere ein førebels slutt for bandet som har skrive fleire kapittel med norsk rockehistorie. Då bandet for alvor begynte å slå gjennom, hadde dei base i Bergen. Heile «Violeta Violeta»-konseptet er spelt inn i Duper Studio, som ligg i Bergen Kjøtt-lokala. Med andre ord i umiddelbar nærleik av Bergenhus festning. Kva er vel meir naturleg enn å leggje avskjedskonserten til desse traktene, melder arrangørane.

Konserten ved Bergenhus festning blir laurdag 31. august. (©NPK)

LES OGSÅ: Kaizers lanserer virus-app