Borten Moe trua med å gå
Sp-nestleiar Ola Borten Moe trua denne veka med å gå av som olje- og energiminister dersom partileiar Liv Signe Navarsete sparka hans politiske rådgivar Ivar Vigdenes.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trua med å gå
Sentrale kjelder i Senterpartiet stadfestar overfor Dagens Næringsliv at Ola Borten Moe stilte dette ultimatumet til den andre politiske leiinga på tysdag.
Dermed blei rådgivarstillinga – den lågast rangerte stillinga i den politiske leiinga – kjernen i ein maktkamp mellom leiaren og nestleiaren, Navarsete og Borten Moe.
Måndag skreiv Dagens Næringsliv første gong at Navarsete ønskte å fjerne Vigdenes. Borten Moe svarte i same avis med å gi rådgivaren sin full tillit. Allereie søndag varsla han partileiaren om at denne støtteerklæringa kom til å kome på trykk dagen etter.
Dermed var den opne konflikten mellom dei to toppleiarane i gang.
QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?
Maktkampen heldt fram gjennom fleire møte fram til Navarsete torsdag ettermiddag fortalte Aftenposten at ho ikkje kom til å kjempe for å bli kvitt Vigdenes likevel.
– Det er openbert svært viktig for Ola Borten Moe å halde på Ivar Vigdenes i jobben. Det er ikkje like viktig for meg å byte han ut. Derfor tenkjer eg at eg vil sette partiet først, og bidra til å samle heller enn å splitte, sa ho.
Dermed blir ikkje Vigdenes erstatta i statsråd fredag slik Navarsete lenge planla. Frå før er Ola Borten Moes statssekretær Eli Blakstad skifta ut med Ane Hansdatter Kismul, som tidlegare var leiar av Natur og Ungdom. (©NPK)