Intervju med Rune F.Hjemås

Rune skulle til Island, eg skulle til New York, så vi tok oss ein tur rundt omkring i Oslo for å snakke om litteratur, reising, byar og hans nyaste diktsamling, der eit reisande par driv rundt omkring i verda. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Rune har nyleg gjeve ut bok: ei diktbok med eit par som reiser verda rundt. Snart skal han til Island, og eg skulle snart til New York, så vi bestemte oss for å treffast og tusle rundt i Oslo medan vi prata om reising og posi. Vi avtalte å treffast utanfor Hønse-Louisa sitt hus, ein vindfull april-fredag med uttrykk for regn. Eg hadde med diktafonen, Rune hadde med seg sjølv.

Korleis ei bok blir ei bok

K: Korleis var det å skrive denne boka? Visste du at du skreiv på ei bok heilt frå byrjinga, eller blei ho til undervegs?

R: Eg har jobba med enkeltdikt utan at eg tenkte at det skulle bli noka bok, sidan eg trudde eg berre var prosaforfattar. Det starta vel i 2007 med dei første tekstene, det er vel sånn fire eller fem dikt i den siste delen som er der det starta. Mellom anna det diktet frå demonstrasjonen på Nørrebro. Eigentleg tenkte eg å sende dei inn til ein antologi, og då det berre var ein antologi, tenkte eg: Åkei, då kan eg prøve å skrive dikt. Så då skreiv eg dei dikta, men så blei dei refuserte, så då blei det ikkje noko av dei då. Så har eg tatt dei fram igjen, pussa på dei, skrive fleire og jobba dei fram,  sendt dei litt rundt om kring. Men det var først da eg bestemte meg for å skrive eit heilt manus eg kjente at det verkelig funka. Sånn heldt eg på til inntil eit år sidan, då sendte eg det inn til Tiden. Hehe, det blei ikkje antatt med ein gong, men redaktøren sa at ho gjerne ville sjå ein ny versjon, og så arbeidde eg veldig intensivt med det i fjor sumar. Og då gjekk det fort då det først kom i gang.

K: Ja!

R: Men sånn er det ofte, at det er ein lang periode med virring, men så, når det først finn forma, så går det gjerne skikkelig fort.

K: Det er kanskje godt å ha den retningslause perioden, eller?

R: Kanskje ikkje godt, akkurat..

K: Men bra?

R: Ja, eg trur det kan vere bra, i ein periode, men om det tek for lang tid, så kan det òg vere veldig frustrerande, og det er vel ikkje så veldig bra det heller.

K: Ein skrivelærar eg hadde sa ein gong: Unn dokkar sjøl å sette punktum.

R: Hehe, det er ikkje noko eg klarar å gjere sjølv, alltid. Det er der forlaget kjem inn i biletet…

K: Og seier sånn, no, no er det ferdig?

R: Ja, gjennom å sette opp nokre tidspunkt, dødlinjer, der eg må vere ferdig. Det er veldig fint å vere på det møtet der ein set opp ein plan, der ein seier: Dette vil vi gje ut neste vår. Då må det til språkvask då, produksjon då, osb. Eg tykkjer det er veldig fint å få dei tinga ned i ein plan, for då veit eg at då må dei tinga vere ferdig då.

K: Det minner litt om når ein er på reise, då veit ein at ein har eit fly som går frå plass X då, og eit fly som går frå plass Y då, men innimellom der, så har ein fridom. Eg er veldig glad i den fridomen, fridom som ligg i rørsla og forflytting, utan at ein heilt veit kvar ein skal.

R: Ja, det likar eg òg. Det ligg ein sånn kreativ utløysingsmekanisme i det, når farten forplantar seg, når det blir fart i hovudet. Når ein sit stille så tenkjer ein liksom stille òg, så det hjelper å berre få litt rask rørsle, det rører seg litt i tankane med, då.

K: Trur det er veldig intuitivt for mange. Eg hugsar frå eg var sånn 13-14 år, då byrja eg og venninnene mine å gå når vi skulle prate, i staden for å berre sitje i ro. Eg trur vi kunne prate mykje friare då, når ikkje kroppane var så fastlåste.

R: Hehe, det er jo litt det vi gjer nett no!

Ryggsekkturistar og reisekompleks

K: Har du reist mykje?  Vore på sånn jorda-rundt-backpackartur?

R: Hehe, nei. Eg har eigentleg ein veldig keisam reise-CV.

K: Ja? Det er jo litt artig. Linn Strømsborg, når ho skriv Roskilde, så legg ho jo ved heile Roskilde-CV-en sin. Men du har skrive om reising og har ikkje reist noko særleg. Du er ikkje så oppteken av autentisitet?

R: Tja, eg synest vel ikkje autentisitet har så mykje med forfattaren sin CV å gjere. Autentisiteten må komme fram i sjølve teksta, det er eg oppteken av.  Men eg skulle gjerne ha hatt ein meir spennande reise-CV, eg har til dømes aldri vore utanfor Europa, det er eg litt flau over.

K: Men Rune, du trenger vel ikkje ha reisekompleks!

R: DET er eit interessant ord. Hehe, nei, eg har jo ikkje det då, men det er jo kanskje det at eg har mykje å gå på, då. Men kanskje er skrivinga ein slags kompensasjon, ein slags måte å reise på.

 K: Men trur du, det har eg tenkt på, at når ein veks opp i dag, og er ung, så har ein ei kjensle av at ein burde bruke alle dei moglegheitene ein har, til å reise, til å sjå verda, eg veit ikkje, eg har litt reisekompleks, nemlig. Har du hatt nokon favorittreiser, nokon favorittbyar eller noko sånt?

 R: Kanskje. Men eg trur òg at reiselysta er ganske reell hos dei fleste, sjølv om det kan vere mykje reklame og billigbillettar og press, kanskje. Eg pleier i alle fall å få mykje ut av reising. Men eg trur det er viktig å tenke gjennom kor ein reiser, ikkje bare drar dit Norwegian vil at ein skal dra. Ein bør ikkje reise bare fordi ein har muligheitane til det. Eg likar generelt byar, i diktsamlinga så er det jo Oslo, London og København. Det er jo byar eg kjenner godt, der eg har vore, fleire gongar. Som eg tykkjer det er mange likskapar mellom, dei er på ein måte den same byen i tre forskjellege storleikar. Elles har eg òg gode minne frå Berlin, Paris, Reykjavik, Amsterdam.

K: Eg har ikkje vore i København, men då eg flytta til Oslo rett etter å ha vore i London, så tenkte eg at London og Oslo minna ganske mykje om kvarandre.

R: Det er eit eller anna med dei, det gjekk veldig greit å bevege seg mellom dei i dikta, hadde eg plutseleg skrive nokre dikt frå Mexico City, så trur eg at det ikkje hadde funka like bra. Eg trur kanskje det har noko å gjere med at dei alle er hovudstader i monarki. Dei er liksom kongelege stader, med slott og sånne ting. Eg trur det sett litt preg på stadene, både arkitektonisk og gjennom at dei kongelege er i nær slekt. Litt vel nær, kanskje.

K: Ja, for det flyt jo veldig bra i boka, mellom dei forskjellege plassane? Samstundes som det flyt mellom forskjellege aldrar, stadium i livet og minne? Siri Hustvedt skriv det, i ei bok, om at for henne så er minne alltid veldig knytt til stadane, ho hugsar gjerne veldig biletleg plassen der noko skjedde. At minna er veldig sterkt knytte til stadar eller rom.

R: Eg trur eg har det litt på same måte med byar, at byar blir som boksar, at forskjellege minne frå forskjellege tider i livet blir lagra i høve til kor eg var, sånn finnest det ein bergensboks med minne frå Bergen…

Reising og poesi

K: Men, vi snakka om den litle reise-CV-en din. Kvifor er det så mykje reising i boka?

R: Til ein viss grad så blei det vel berre sånn, det var ikkje sånn at eg sette meg ned og tenkte no skal eg skrive ei reisebok..

K: Men byrja du å skrive på reise? Det kan eg liksom sjå føre meg når eg les boka! Var du dei plassane du skreiv om når du skreiv, eller er det tatt frå minne?

R: Eg var i Oslo når eg skreiv, men dei andre plassane har eg henta fram frå minnet. Og det trur eg kanskje er bra, og litt av grunnen til at eg skreiv det. Det er noko med avstanden, når ein ikkje er der.  Dessutan er det jo bra for miljøet. Skrive om å reise i staden for å gjere det.

K: Ja, for det er jo noko som går gjennom heile boka, dette med avstanden, når det henger postkort på kjøleskapet frå reiser som allereie er gjort, det er alltid ein avstand, ei kjensle av noko som er tapt? Rastløysa som driv ein framover utan at ein eigentleg kjem fram?

R: Ja, det er jo det med reise at det er ein form for mellomting, mellomstadium mellom der ein har vore og der ein skal, det er jo transport-ting, men det har gjerne ein verdi i seg sjølv, då.

K: Å vere i rørsle?

R: Ja, å vere på veg ein plass. Ikkje berre knytt til å kome fram.

K: Det minner meg eigentleg om sånn mange tenkjer om poesi, at når ein skriv poesi så skriv ein for skrivinga si skuld, for skrifta og språket og ikkje berre for kommunikasjonen eller meininga si skuld. Tidlegare har du forresten gjeve ut prosabøker, er det nytt for deg å skrive dikt, eller er det noko du har gjort lenge?

R: He, ja, dikt er jo ein sånn sjanger ein har stor respekt for, derfor har det vore vanskeleg å skulle seie: «Dette er dikt», eg har alltid skrive «noko som var kort», så det er litt vanskeleg å seie når eg byrja å skrive «dikt». Men eg har ikkje tenkt på det som så veldig anten/eller.

K: Men tenkjer du på det som ein form for friare prosa? Eg ville ikkje nøle med å kalle denne boka for poesi?

R:  Hehe, nei, kanskje ikkje denne boka, men det eg skreiv for ti år sidan så! Men at eg skreiv poesi då, trur eg kan ha noko med at eg skreiv veldig mykje på nettet, og der er poesi og kortsjangrane veldig sentrale, fordi det er lettare å lese og gje kommentarar på korte tekster. Dei fleste skriveforum på veven er jo nett diktforum, som diktkammeret, dikt.

K: Trur du internett, bloggsfæren, dikt.no har tydd mykje for alle som lærte å skrive der? At vi skriv annleis fordi vi har hatt internett?

R: Det er vanskeleg å seie. Eg føler jo at eg har måtta gå gjennom ein skuleringsprosess, som eg fekk gjennom Skrivekunstakademiet, men òg gjennom å lese andre, og annan kjent litteratur, så sjølv om eg skreiv masse på nettet så var eg veldig oppteken av litteraturen som faktisk var utgjeven, og tenkte at det er den, det er den eg må søke meg etter. Det er noko herleg spontant ved å skrive på nett, og det finst absolutt mykje litterær verdi og energi i det. Samtidig er det ein del omsyn ein må ta i høve til struktur, dramaturgi, mm. i eit bokmanus som gjer at det er vanskeleg å adaptere direkte frå blogg til bok. Eg har kanskje opplevd at noko har gått tapt i den prosessen, men det er noko eg jobbar med, kan du seie. Å få den fridommen og spontaniteten frå nettet til å fungere i bokform.

Ein annan måte å tenkje på

K: Av og til tenkjer eg at om eg berre hadde vore flinkare til å gå ut, i den byen eg bur i, oppdaga nye plassar, så hadde eg ikkje hatt så stor lengsel etter å reise.

R: Det med reise er jo ikkje berre geografisk. Det er ei kjensle ein kan ha, som ein like gjerne kan få der ein bur. Det er mest av alt ein måte å oppleve noko på ein annan måte enn ein vanlegvis gjer. Det er ein annan av dei tinga eg likar godt med Oslo, at ein faktisk kan få ei kjensle av å vere på ein ny plass, for det er ein såpass stor by at det alltid finnest ein eller annan plass ein ikkje har vore. Du kan berre gå ut av døra, og innan eit kvarter kan ein vere på heilt annan plass.

K:  Eg har tenkt litt på noko av det same. Bak i boka skreiv eg ned nokre tankar, og ein av dei var at reising og poesi kan vere ganske like, for begge handlar om å sjå på noko som ein framand. Ein må engasjere seg på ein annan måte enn elles for å få noko ut av det. Der ein bur har ein gjerne større forventingar til kva ein plass skal gje. Er ein på reise, må ein gå ut i byen, ein må ta initiativet sjølv.

R: Ja, eg trur eg er samd i det. Det er noko med kjensla av moglegheiter. Sjølv om dei gjerne ikkje er større. Når ein går på gata i Paris, skjer det som regel ikkje noko meir enn om ein går på gata i Oslo, men det er meir den kjensla at det heile vegen er mogleg at det kan skje noko.

K: Har du tenkt mykje på reising som metafor?

R: Nei, eg har eigentleg ikkje tenkt på det som ein metafor. Reisinga i boka er veldig konkret, det er å sitte på fly og på tog. Så nei, eg tenkjer ikkje at reisa står for noko anna, nei. Det fungerer meir som ei drivkraft for å skape noko, for å bidra til å framkalle ein del tema i tekstene.

K: Så meir som ein poetisk situasjon, eller utgangspunkt?

R: Ja, eg har liksom ikkje tenkt på reisa som ein metafor for å bli kjent med kvarandre, eller noko sånn. Men det skjer jo faktisk i boka, det er nokon som reiser, og som blir kjærastar. Eg trengte ikkje ha nokon metafor for det, eg berre skreiv det, rett ut. Det er jo ein veldig forsliten måte å bruke reise på, at det skal symbolisere noko. Eg tenkjer det i seg sjølv er nok.

K: Reising er jo på mange måtar ein situasjon som gjer tydelegare mange trekk ved tilvera?

 R: Ja, det trur eg er sant. Reising er jo ein situasjon der ein fjernar mykje av det kvardagslege. Og då ser ein jo gjerne ting på nytt, annleis vis.   

Reiselister frå Rune: Slightly Lost

Musikk

1. R.E.M. – Airportman
2. Elliott Smith – Let's Get Lost
3. Bright Eyes – Another Travellin' Song
4. Saint Etienne – Finisterre
5. Portishead – Roads
6. Moonpedro And The New Farm Street Orchestra – Six Hours Spent In An Airport
7. Blur – Caravan
8. Lone – The Birds Don't Fly This High
9. Neutral Milk Hotel – In The Aeroplane Over The Sea
10. Radiohead – Fast-Track
11. Beck – Chemtrails
12. Depeche Mode – Only When I Lose Myself
13. Goldfrapp – Utopia
14. Burial – Night Bus
15. Scott Walker – If You Go Away

Dikt

1. Red. Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærnes: "Verden finnes ikke på kartet"

2. Thomas Marco Blatt: "Slik vil jeg måle opp verden"

3. Øyvind Rimbereid: "Trådreiser"

4. Tone Hødnebø: "Et lykkelig øyeblikk"

5. Mazdak Shafieian: "Antwerpen"

6. Pedro Carmona-Alvares: "Clown Town / Prinsens gate"

7. Marte Huke: "De fire årstidene"

8. Lukas Moodysson: "Mellan sexton och tjugesex"

9. Naja Marie Aidt: "Poesibog"

10. Victoria Durnak: "Stockholm sier"

11. Geir Halnes: "Hils hvis du ser meg"

12. Linn Hansén: "Ta i trä"

13. Marie Silkeberg: "Material"

14. Bruno K. Öijer: "Trilogin"

15. Jan Erik Vold: "Store hvite bok å se"

 

Stod først på trykk i Mål & Makt.

Faktaboks

Rune F. Hjemås er forfattar og poet. Han har gjeve ut to bøker på Samlaget, Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd og Indianarar, og kom nett ut med si første diktsamling, Det er ikke vår, det er global oppvarming på Tiden.