Unge kvinner fryktar ulykker i trafikken
Mange unge kvinner er redde for å hamne i trafikkulykker. Likevel har ei av fire sete i bil utan belte og vore med på kappkjøring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei spørjeundersøking gjennomført av Trygg Trafikk. Her deltok til saman 869 unge kvinner i alderen 16 til 20 år.
Ein eller fleire gonger dei siste 12 månadene har 25 prosent vore med på kappkjøring i bil, og 24 prosent har droppa bilbelte i baksetet. 14,5 prosent har ikkje brukt belte i forsetet, mens 60 prosent har følt seg usikre i bil når ein ung person sitt bak rattet. I tillegg svarar 6,5 prosent av ungdommane at dei har sete på med sjåførar som har drukke alkohol, mens 2,2 prosent har vore passasjerar i bilar kjørt av personar i narkorus.
LES OGSÅ: Himmelen kan vente
Tre av fire unge kvinner seier at nokon dei kjenner godt har blitt skadd i ei trafikkulykke. Over halvparten av kvinnene svarer at dei sjølv er redd for å bli utsette for ei ulykke. Like mange har sjølv opplevd ei eller fleire nestenulykker på vegane det siste året.
Ungdom i alderen 15 til 24 år er utsette i trafikken. I perioden 2005– 2011 døydde gjennomsnittleg 54 ungdommar på vegane kvart år. Dei utgjorde 24,5 prosent av alle trafikkdrepne, men stod berre for sju prosent av trafikken.
Denne veka får 26.000 jenter brev frå Trygg Trafikk. Breva går til dei som er fødde i 1996, med invitasjon til deltaking i Jentenes trafikkaksjon. I dag har aksjonen 10.000 medlemmer, hovudsakleg jenter i alderen 16 til 19 år. (©NPK)