Spøkelsesjakt på Harastølen

Med avanserte måleinstrument og ei brennande interesse for det overnaturlege undersøkte Ghost Hunters Harastølen ei mørk oktobernatt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Spøkelset sa "morn"!

Bevegingssensorar, lydopptakarar og målarar for elektromagnetiske felt er blant utstyret gjengen nytta seg av i søket på paranormal aktivitet. Det gamle sanatoriet kan for somme skapa grøsningar i dagslys, men pirra spøkjelses­jegerane som fekk uante opplevingar i kveldsmørket.

– Det var absolutt ingen bomtur, fortel leiar for Ghost Hunters Noreg, Geir Ole Christiansen.

LES OGSÅ: Er dette sjøormen?

Stemmer i mørkret
Ein kveld med etterforsking resulterer i fleire timar med råmateriale som må gjennomgåast. Likevel kan dei allereie røpa at kvelden på Harastølen var verd reisa frå hovudstaden.

– Me hadde nokre uforklarlege situasjonar der oppe. Mellom anna då eg stod i 3. etasje og høyrde steg over meg. Då var alle andre i kjellaren. I tillegg høyrde me ei stemme i tannlegerommet. Eg spurte om det var nokon som ville helsa, og då var det ei stemme som svarte «morn», fortel Kristoffer Grovann og legg til at dei må gå nøyare gjennom materialet for å kunne vera sikre.

LES OGSÅ: Ufo over Voss

Mykje skepsis
Gruppa innrømmer at det kan vera vanskeleg å dokmentera tinga dei opplever, og at for somme kan verka som ein lite overbevisande fritidssyssel.

– Målet vårt er ikkje å overbevisa andre, men å sjølve kunne oppleva desse uforklarlege hendingane, fortel Christiansen.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Finst det spøkelse? Diskutér i kommentarfeltet!