Stortinget med eigen Instagram-profil for unge
Stortinget har lansert ein eigen Instagram-konto for unge, Stortinget Ung. Det er eit forsøk på å nå dei unge med informasjon om det norske demokratiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stortinget tek vanlegvis imot 27.000 besøkjande kvart år, mange av dei skuleklassar som er på omvising. Det har det vorte ein brå stopp på etter at pandemien braut ut.
– Når Stortinget ikkje er ope for besøkjande, blir digitalt nærvær endå viktigare, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen i ei pressemelding.
– Vanlegvis snakkar vi dagleg med unge som kjem på omvising. Det saknar vi. Men no som smittesituasjonen er som han er, er det fint å kunne ha ein tovegsdialog med unge digitalt, seier stortingspresidenten.
Stortinget Ung skal vere ein kanal som engasjerer og skaper interesse for politikk, med innhald som skal opplevast relevant for dei unge.
Profilen vil mellom anna dekkje det som skjer på Stortinget, forklare politiske prosessar og ha faste spalter der følgjarane kan bli betre kjende med representantane på Stortinget.
Dei første to vekene kontoen har eksistert, har Stortinget samla 1.200 følgjarar. 84 prosent av dei er under 34 år.
- Les også om kvifor unge er så tause om politikk i sosiale medium: – Eg trur folk er redde for å bli misforstått, og synest det er litt skummelt å skriva meiningane sine.