Nyheitsquiz: Kva har skjedd i veka som gjekk?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er på tide å teste kva du fekk med deg i veka som gjekk. Lykke til!

Quiz: Nyheitsquiz veke 34

  1. Spørsmål 1 av 13

    1.

    Styresmaktene i Namibia åtvarar mot ein noko kreativ koronakur som vert seld via sosiale medium. Kva vare er det snakk om?

    • Du store elefantbæsj! Svaret er riktig, men kuren er så feil. 

      Lokale myndigheiter fortel til Reuters at dei har sett elefantbæsj promotert til heilt absurde prisar, så her er det ein marknad for alt.

    • Svaret er feil, men tru ikkje at elefantbæsj er svaret på noko anna enn dette spørsmålet. 

      Lokale myndigheiter fortel til Reuters at dei har sett elefantbæsj promotert til heilt absurde prisar, så her er det ein marknad for alt.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 13

    2.

    Kva heiter opposisjonsleiaren i Kviterussland, som etter valet flykta landet?

    • Her har du orden i sysakene. Verre er det for Svetlana Tikhanovskaja, som har måtte flykta landet medan ho ventar på å ta over for Aleksandr Lukasjenko. 

      Lat oss håpa ho får rett: 

       

    • Her stokka det seg litt. Det er Svetlana Tikhanovskaja, som har måtte flykta Kviterussland medan ho ventar på å ta over for Aleksandr Lukasjenko. 

      Lat oss håpa ho får rett: 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 13

    3.

    Kva er visepresidentkandidat Kamala Harris sitt påståtte kallenamn hjå Secret Service?

    • Oh yes!

      Kodenamnet som demokratane sin visepresidentkandidat Kamala Harris skal ha vald seg er: Pioneer. Ganske treffande for den første svarte kvinna som får stille til val på stillinga. You go girl!

    • Neida, Kamala er ingen Beyoncé. 

      Kodenamnet som demokratane sin visepresidentkandidat Kamala Harris skal ha vald seg er: Pioneer.

      Ganske treffande for den første svarte kvinna som får stille til val på stillinga. You go girl!

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 13

    4.

    Ein nordmann vart denne veka pågripen av PST og skulda for spionasje. Kva land skal vedkommande ha selt statsløyndomar til?

    • Korrekt! Ein norsk statsborgar med indiske røtter er sikta for å ha seld statshemmelegheitar til russisk etterretning.

    • Neida, her var det russarane som ser ut til å ha vore på tokt igjen. 

      Ein norsk statsborgar med indiske røtter er nemleg sikta for å ha seld statshemmelegheitar til russisk etterretning.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 13

    5.

    Kva passord er det NorSIS ber nordmenn om å droppe?

    • Dette kan du! 123456 er ikkje eit godt nok passord. 

      NorSIS ber nordmenn droppa 123456, som er eit av dei vanlegaste passorda. Tenesta Have I Been Pwned har registrert meir enn 10 milliardar brukarnamn og passord kan vere på avveie, så det er ikkje lett å vera trygg. (Dei andre alternativa er nok heller ikkje tilrådd.)

    • Nei, nei, nei! 

      123456 er ikkje eit godt nok passord. 

      NorSIS ber nordmenn droppa 123456, som er eit av dei vanlegaste passorda. Tenesta Have I Been Pwned har registrert meir enn 10 milliardar brukarnamn og passord kan vere på avveie, så det er ikkje lett å vera trygg. Rett heim og bytt. (Dei andre alternativa er nok heller ikkje tilrådd.)

       

       

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 13

    6.

    Rapduoen Karpe annonserte denne veka at dei vil gje vekk alle inntektene sine. Kva heiter den nye organisasjonen som skal dela ut pengane?

    • Riktig! Patel og Abdelmaguid Foundation skal dela ut pengar til prosjekt som betrar situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar.

      <3

    • Neida! Karpe har slutta med Diem og den nye stiftinga heiter Patel og Abdelmaguid Foundation. 

      Organisasjonen skal dela ut pengar til prosjekt som betrar situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar.

      <3

       

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 13

    7.

    På skular aust i Australia er eit instrument no blitt forbode. Kva instrument?

    • Riktig. Både kor og blokkfløyte er no forbode på skular i aust, for å hindra koronasmitte. Elevane vil heller ikkje få lov til å danse på skulane i delstaten New South Wales.

      Korleis skal me då få avla fram talent som dette?

    • Neida. Du kan framleis blåse i digeridoo, men både kor og blokkfløyte er no forbode på skular aust i Autralia, for å hindra koronasmitte.

      Elevane vil heller ikkje få lov til å danse på skulane i delstaten New South Wales.

      Korleis skal me no få avla fram talent som dette?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 13

    8.

    President Donald Trump benåda denne veka ei kvinne. Kven?

    • Riktig. Susan B. Anthony vart vart pågripen då ho avla stemme ulovleg ved valet i 1872.

      Tysdag var det hundre år sidan USA ga stemmerett til kvinner i det 19. grunnlovstillegget, også kjend som «Susan B. Anthony Amendment».

      I den samanheng var Donald Trump på ballen.

    • Feil. Det var verken legendariske ranarar, Manson-jenter eller meiningsmotstandarar, om fekk Trum sin nåde. Det var nemleg Susan B. Anthony, som vart vart pågripen då ho avla stemme ulovleg ved valet i 1872.

      Tysdag var det hundre år sidan USA ga stemmerett til kvinner i det 19. grunnlovstillegget, også kjend som «Susan B. Anthony Amendment».

      I den samanheng var Donald Trump på ballen.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 13

    9.

    Kor lang tid fekk AOC til rådigheit for å tale under demokratane sitt landsmøte natt til onsdag?

    • Korrekt, og der var tida ute! Demokratane sitt stjerneskot Alexandria Ocasio-Cortez (30) fekk berre rundt 90 sekund taletid heilt i starten av demokratane sitt virtuelle landsmøte. Det kalla CNN sin kommentator Chris Cillizza «å kasta bort talent». 

    • Og der var tida ute! Demokratane sitt stjerneskot Alexandria Ocasio-Cortez (30) fekk berre rundt 90 sekund taletid heilt i starten av demokratane sitt virtuelle landsmøte. Det kalla CNN sin kommentator Chris Cillizza «å kasta bort talent». 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 13

    10.

    Israel har fått seg ny telefonlinje. Kva land kan dei no ringja?

    • Shalom! Og bra jobba. Som del av fredsforhandlingane i Midtausten har Israel og Dei sameinte arabiske emirata fått ei eiga telefonlinje. 

      Avtalen inneber at Israel må stogge planane sine om å halde fram å annektera den palestinske Vestbreidda. 

    • Neida, det er faktisk Dei sameinte arabiske emirata. Som del av fredsforhandlingane i Midtausten har Israel og Dei sameinte arabiske emirata  fått ei eiga telefonlinje. 

      Avtalen inneber at Israel må stogge planane sine om å halde fram å annektera den palestinske Vestbreidda. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 13

    11.

    Dersom registreringa hos National Weather Service er korrekt, kan den høgaste temperaturen målt på jorda sidan 1913 ha vore denne veka. Kor?

    • Hot stuff! Rekorden er heile 54,4 grader, som vart målt i den amerikanske nasjonalparken Death Valley ein sundag i 1913, men målinga er omstridd. Death Valley lever uansett opp til namnet sitt med høgste temperaturen òg i vårt århundre. I 2013 vart det målt 53,8 grader celsius i området.

    • Store Sahara, så feil kan ein ta! Rekorden er heile 54,4 grader, som vart målt i den amerikanske nasjonalparken Death Valley ein sundag i 1913, men målinga er omstridd. Death Valley lever uansett opp til namnet sitt med høgste temperaturen òg i vårt århundre. I 2013 vart det målt 53,8 grader celsius i området.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 13

    12.

    Ein fest i Asia har denne veka skapt stor merksemd verda rundt. Kva by var den i?

    • Riktig! Du skulle tru Wuhan hadde lært til no, men nei.

      Byen har ikkje registrert nye smittetilfelle sidan dei letta på dei strenge restriksjonane 8. april. Førre laurdag var tusenvis samla i eit basseng under HOHA Water Electrical Music Festival i byen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina. 

      (OBS: Dette er ikkje frå den aktuelle festen, men ein kan jo sjå det føre seg.)

       

    • Feil! Du skulle tru Wuhan hadde lært til no, men nei.

      Byen har ikkje registrert nye smittetilfelle sidan dei letta på dei strenge restriksjonane 8. april. Førre laurdag var tusenvis samla i eit basseng under HOHA Water Electrical Music Festival i byen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina. 

      (OBS: Dette er ikkje frå den aktuelle festen, men ein kan jo sjå det føre seg.)

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  13. Spørsmål 13 av 13

    13.

    Billie Eilish er ingen fan av president Donald Trump. Kva sa ho om han på demokratane sitt landsmøte?

    • Riktig! Billie Eilish (18) legg ikkje skjul på at ho vil stemma på Joe Biden. Han øydelegg landet vårt og alt me bryr oss om, sa ho om Trump på demokratane sitt virtuelle landsmøte.

    • Nesten, men ikkje heilt. Billie Eilish (18) legg ikkje skjul på at ho vil stemma på Joe Biden. Han øydelegg landet vårt og alt me bryr oss om, sa ho om Trump på demokratane sitt virtuelle landsmøte.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

Ikkje gå glipp av desse sakene: