Nominert til Nordisk Råds pris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritikarroste Kompani Orheim er norsk kandidat til den gjeve Nordisk Råds filmpris 2012. Filmen konkurrerer med éin film frå kvart av dei andre nordiske landa.

Kompani Orheim er regissert av Arild Andresen og produsert av Yngve Sæther og Sigve Endresen for Motlys. Manus er skrive av Lars Gudmestad.

Den norske juryen består av Silje Riise Næss, Kalle Løchen og Britt Sørensen. I grunngjevinga si seier dei følgjande:

– For tredje gongen er forfattar Tore Renbergs bejubla Jarle Klepp-karakter tatt til lerretet. No i form av ei finstemd oppvekstskildring signert Arild Andresen, der tilveret blir formørka av ein fars makt- og alkoholmisbruk. Kristoffer Joner gjer nok ein stor filmrolle i si nyanserte tolking av faren sine tyranniske så vel som sympativekkjande sider, medan Cecilie Mosli gjev liv og styrke til ei mor som held ut alt for å hegna om den vesle familien sin. Kompani Orheim er samstundes eit energisk, treffande og musikalsk tidsportrett og ein liten odyssé om veg mot frigjering for ein mellomklassegut – imponerande gestalta av det 15 år gamle stjerneskotet Vebjørn Enger.

LES OGSÅ: Kompani Orhaug – vanskeleg familie

Kompani Orheim vart kåra til den beste nordiske filmen på filmfestivalen i Göteborg. Under årets Amanda-utdeling fekk Kristoffer Joner prisen for beste mannlege skodespelar og Cecilie Mosli fekk prisen for den beste kvinnelege birolla.

Den prestisjefylte Nordisk Råds Filmpris er på 350.000 danske kroner, og blir gjeve til ein film som utmerkar seg ved den høge kunstneriske kvaliteten sin og sterke forankring i den nordiske kulturen. Målet med prisen er blant anna å styrkja den nordiske kulturfellesskapen og utvikla Norden som ein kulturell heimemarknad.

Vinnaren vil få prisen den 31. oktober i Helsinki, då òg vinnarane av Nordisk råds litteraturpris, musikkpris og natur- og miljøpris blir heidra.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Faktaboks

Dei nominerte:

Ein kongeleg affære – Danmark
Regissør: Nikolaj Arcel
Manusforfattarar: Nikolaj Arcel, Rasmus Heisterberg
Produsentar: Louise Vesth, Sisse Graum Jørgensen, Meta Louise Foldager

Kompani Orheim – Noreg
Regissør: Arild Andresen
Manusforfattar: Arild Andresen, Lars Gudmestad
Produsent: Yngve Sæther, Sigve Endresen

Kovasikajuttu (The Punk Syndrome) – Finland
Regissørar: Jukka Kärkkäinen, J-P Passi
Manusforfattarar: Jukka Kärkkäinen, J-P Passi, Sami Jahnukainen
Produsent: Sami Jahnukainen

Á annan veg (Either Way) – Island
Regissør: Hafsteinn Gunnar Sigurðsson
Manusforfattar: Hafsteinn Gunnar Sigurðsson
Produsentar: Davíð Óskar Ólafsson, Árni Filippusson

Play – Sverige
Regissør: Ruben Östlund
Manusforfatter: Ruben Östlund
Produsent: Erik Hemmendorff