Fem nynorske bøker du kan nyta i ferien

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fuglane – Tarjei Vesaas (1957)

Mattis bur i ei hytte saman med systera Hege, som tek seg av han og slit for å brødfø dei begge. Han er ikkje like “skarp” og rask med å forstå ting som andre, og av den grunn har bygdedyret gitt han tilnamnet Tusten. Likevel ser Mattis verda på ein annan måte som dei «skarpe» ikkje ser ut til å klare. Han snakkar fuglespråk og klarer å formulere dei djupaste livsspørsmål.

Gjennom denne romanen greier Vesaas å skildre både stemningar og kjensler som ikkje kan seiast med ord.

Bikubesong – Frode Grytten (1999)

Gjennom novellistiske forteljingar får ein innsyn i livet til menneska som bur i «Murboligen», ei blokk i industribygda Odda.

I tillegg til summinga frå smelteverket kjem bikubesongen frå menneska i dei 24 ulike leilegheitene i blokka, som utgjer sjølve bikuben. I tillegg til å gje eit skarpt bilete av sosialdemokratiet på slutten av 90-talet, gir Grytten sine skildringar av kvardagsmennesket eit godt innblikk i korleis menneske i eit samfunn kan leve så ulike liv, men likevel vera så tett knyte saman.

Morgon og kveld – Jon Fosse (2000)

I romanen følgjer ein hovudpersonen Johannes gjennom to fasar av livet. Handlinga skjer i sjiktet mellom liv og daud – om det som er imellom, og det som kjem etter. Men kanskje aller helst er det ei skildring av vegen over til den andre sida.

Den største delen av boka utspeler seg nemlig etter at Johannes er død, der den avdøde venen Peter har kome for å ta han med seg. Som eit gjenferd går Johannes rundt gjennom sin siste dag på jorda, i ei sakte forteljing gjort nydelig av romanen si leikande form og velvalde språk.

 

Parissyndromet – Heidi Furre (2014)

Parrissyndromet er namnet på eit syndrom som rammar japanske turistar som kjem til Paris og blir grunnleggjande skuffa over at byen ikkje er det slik dei førestilte seg. Det er ei god bru til handlinga i seg sjølv, som inneheld tilsynelatande enkle, men likevel sårbare skildringar om det å møte ei livskrise, og at livet ikkje alltid blir slik ein har planlagt.

I ein roman det tilsynelatande skjer lite, er boka likevel ein ekte representasjon om vennskap, kjærleikssorg og om å møte store forventingar.

 

Vintertonar– Anders Totland (2019)

Isak søkjer seg tilbake til barndomsheimen då han får ein urovekkjande telefon om at far hans lid på det siste. Telefonen får han til å vende att til bygda han kjem frå, ein stad han trudde han hadde lagt bak seg for lenge sidan.

Dette er ei av dei bøkene som set avtrykk i hugen lengje etter ein er ferdig med ho, og er ei bok for sommarkveldane av den surare sorten. I tillegg til ei tankevekkjande og sår handling er Totland sitt gode språk og kjenslevare skildringar med på å bidra til å gjere romanen så god som den er.