Nesten tre av ti har høgare utdanning
Stadig fleire nordmenn får høgare utdanning. Tre av ti nordmenn har no universitets- eller høgskuleutdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2004 har delen av befolkninga med høgskuleutdanning auka frå 24 til 29 prosent. Det er flest med høg utdanning i aldersgruppa 30– 39 år. I denne gruppa har 45 prosent høgare utdanning, fortel Statistisk sentralbyrå (SSB).
Gruppa med minst utdanning er eldre over 67, hjå dei har kun omlag 17 prosent høgare utdanning.
Les òg: Rekordmange studentar i haust