Få foreldre køyrer barna til skulen
Lisa går faktisk til skulen, ifølgje ei ny undersøking. Nesten åtte av ti foreldre unngår helst å køyre barna sine kvar dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga som Perduco har gjennomført på vegner av forsikringsselskapet Kommunal Landspensjonskasse (KLP), viser at biletet som vert teikna av at barn blir køyrde til skulen, ikkje er rett.
– For barna er dette viktig – både med tanke på gratis trim og frisk luft før ein krevjande skuledag, seier Thomas Nilsen, rådgjevar for skadeførebygging i KLP.
Undersøkinga viser at det er store geografiske forskjellar, noko Nilsen meiner kan forklarast ved avstandar og regional satsing på gang- og sykkelvegar.
Også politisk tilhøyring gir utslag i undersøkinga. Medan 90 prosent av dei som stemmer SV og 80 prosent av dei som stemmer Arbeidarpartiet lèt barna komme seg til skulen utan å bli køyrde, er det berre 57 prosent av Venstre-veljarane og 55 prosent av Senterparti-veljarane som svarer det same.
Av dei som køyrer barna til skulen, svarer 43 prosent at dei gjer det fordi dei likevel skal same veg. Nilsen ber desse foreldra om å tenkje seg nøye om når skulen startar igjen i august. (©NPK)