Jentene vil ut og jakta
Jakt og fiske er ikkje berre for tøffe karar. No vil også jentene jakta vilt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg tok først jegerprøva for å kunne vera med typen min å jakta. Det er artigare å delta sjølv, enn å berre vera med å sjå på, fortel Trine Kvamme Sætherbø frå Luster.
Glad i friluftsliv
Ho er ei av stadig fleire jenter som tek jegerprøva, og er aktiv innan både jakt og fiske.
– Eg fiskar mykje laks og aure, skyt ryper om vinteren og jaktar på hjort. Eg er glad i friluftsliv og prioriterer det så ofte eg har tid.
– Kvifor trur du fleire jenter vel å byrja med jakt?
– Eg trur det har blitt ein mindre skilje mellom kva som er føreheldt menn og kvinner. No er det liksom heilt greitt at jenter er på jakt på linje med menn.
Vil rekruttera fleire
I regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) arbeider Opptur Jenter, Jakt og Fiske for å få fleire jenter ut i naturen med fiskestong og børse.
Kvinnekontakt i fylkeslaget, Bente Skrede, fortel at interessa i fylket er veksande.
– Me merkar ei enorm auke. Stadig fleire jenter i Sogn jegerprøva, og dette er jenter i alle aldrar.
Fiske i Vik
I 2001 var 29.467 kvinner registrerte i jegerregisteret, medan talet i 2011 var 52.645. Likevel ser forbundet at dei må jobba aktivt for å få jentene ut på jakt.
– Me arbeider heile tida for at det skal bli betre tilbod og tilrettelegging for jentene. Me har tidlegare arrangert kurs i rypejakt på Sognefjellet, og i haust legg me jakta til?Gaular. Første helga i september vert det dessutan arrangert laksefiske i Vik, seier Skrede.
Les saka i Sogn Avis!