Fotball-EM på nynorsk

Kommentatoren Magnar Kvalvik frå Årdal har jobben dei fleste berre kan drøyma om. Han er Canal9 sin mann i Polen og Ukraina.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har jo draumejobben. Det er sikkert mange som ville ha kappa fingrane av seg for ein slik jobb, seier Kvalvik på telefon frå Wroclaw i Polen.

Les òg: Etterlyser fleire nynorskstemmer

Det er sjeldan ein høyrer fotballkommentatorar bruka ord som "ilt" og "spelaradn", men i årets meisterskap har fotballinteresserte nordmenn fått servert sogneuttrykk i fleng.

– Eg har berre ein måte å prata på, og eg likar at det er lett å plassera meg i Sogn. Det blir ikkje lagt føringar for korleis eg skal prata, og det er eg glad for. Eg ønskjer å halda på dialekten, seier Kvalvik.

Les saka i Sogn Avis!