Noreg blir høgare

Høgdesystemet som ligg til grunn for «meter over havet» skal justerast. Noreg blir opptil 35 centimeter høgare den nærmaste tida. Men først skal Sørlandet «senkast».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først ut i 2012 er sju sørlandskommunar som innfører det nye høgdesystemet dei nærmaste vekene. Deretter vert nye høgder rulla utover landet i puljer fram til heile Noreg er over på nytt høgdesystem i 2015.

Det er store lokale forskjellar på kor mykje høgdemålet vert justert, men i snitt blir høgd over havet justert frå minus 10 centimeter til opptil 35 centimeter, opplyser Kartverket.

Dei sju sørlandskommunane som no går over til nytt høgdesystem, vert reduserte med i snitt 10 centimeter. Dette gjeld Iveland, Vennesla, Lillesand, Søgne, Birkenes, Songdalen og Kristiansand.

I haust skal blant anna grensekommunane i Hedmark over på nytt system. Der er Trysil den kommunen som vil «stige» mest, med om lag 35 centimeter.

QUIZ: Har du peiling på norsk geografi?

Kartverket har førebudd overgangen til nytt høgdesystem i fleire år, og i fjor innførte 11 pilotkommunar nye høgder. Størst utslag fekk det i Trondheim, som i motsetning til dei fleste andre kommunar i landet har brukt eit referansesystem frå 1890 heilt fram til i dag. Dermed blei trønderhovudstaden «senka» med opptil 90 centimeter. (©NPK)