Meir pop blant unge å leige friluftsutstyr

Det går fram av ei gransking utført for Klarna Norge, som er eit IT-føretak som spesialiserer seg på betalingsløysingar over internett.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein stor internasjonal trend som for alvor er i ferd med å feste seg i Noreg. Det ser vi hos ei rekke av nettbutikkane våre. Dei unge ønskjer å leige, både fordi det kan vere smartare reint økonomisk, men dei ønskjer også å vere berekraftige samtidig som dei har det siste innanfor både mote og sportsutstyr, seier marknadsdirektør i Klarna Norge, Thomas Elvestad, i ei pressemelding.

Ifølgje undersøkinga som Klarna har fått utført, seier 23 prosent av dei spurde under 30 år at dei ønskjer å leige sports- og friluftsutstyr framfor å kjøpe det. For heile befolkninga sett under eitt uttrykkjer 14 prosent eit slikt ønske.

Les også: Friluftsliv er miljøversting: – Naturen har nærmast blitt eit moteshow

Kan du tenkja deg å leiga sportsutstyr, framfor å kjøpa?

Kan du tenkja deg å leiga sportsutstyr, framfor å kjøpa?

Ja10
Nei3
Av og til6
Veit ikkje0
Svar totalt: 19

 

Bergans testar ut

Den norske utstyrsleverandøren Bergans testar utleige av både parkdressar, telt, klede og anna friluftsutstyr og trur at denne trenden vil vekse seg sterkare.

­– Då vi la ut ein Facebook-post for å få familiar til å delta i eit pilotprosjekt for abonnement på parkdressar, fekk vi meir enn 2.000 meldingar. Vi har også hatt ein del interesse for leige av teltutstyr, ryggsekker, klede og sko som vi tilbyr i flaggskipbutikkane våre i Oslo og Tromsø. Å leige i staden for å eige er ein heilt klar trend innanfor vår kategori, seier berekraftsansvarleg i Bergans Yngvill Ofstad.

Ifølgje Klarnas undersøking ønskjer også 10 prosent av alle under 30 år å leige klede og mote framfor å kjøpe det. Det tilsvarande talet blant alle nordmenn er fem prosent.

Les om korleis Houdini og Bergans jobbar med å utvikla nye forretningsmodellar: – Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige

Berekraftansvarleg i Bergans, Yngvill Ofstad, trur på sirkulære forretningsmodellar og vil få opp volumet på utleigedelen av verksemda. Foto: Esmod i Oslo