Slik trudde dei verda skulle sjå ut i år 2000
For over 100 år sidan prøvde franske illustratørar å spå framtida, med hell og uhell.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei franske illustratørane Jean-Marc Côté og Villemard publiserte postkort saman med sigarettboksar mellom 1899-1910. Illustrasjonane skulle vise korleis verda kom til å sjå ut i år 2000.
I 1986 blei korta publisert av science-fiksjon forfattaren Isaac Asimov i Futuredays: A Nineteenth Century Vision of the Year 2000.
Nokre av illustrasjonane er fjerne frå å vise korleis verda var i 2000, eller i dag, medan andre var nærare å forutsjå korleis teknologien kom til å forandre verda.
I lista under kan du sjå fem av illustrasjonane som bomma, og fem som var nære å treffe.
Undervassløp
Dei var kanskje meir opptatte av kva som var under vassoverflata før. Det kan i det minste sjå slik ut på dei fantasifulle framstillingane av alt som skulle føregå under vatn i år 2000.
Sjøhestdykking
Sjøhestar har plass i handflata di. Ikkje berre spådde illustratørane at dei sjøhestane skulle bli store som hestar på land, men ri dei skulle vi òg.
Kvalbuss
Jules Verne sin roman Ei verdsomsegling under havet, blei publisert i Frankrike i 1870. Kanskje har den stått som inspirasjon for dei mange undervasscenene i illustrasjonane?
Brannslukning i lufta
Også i lufta skulle menneske kome seg lettare fram. Blant anna skulle brannmenn bruke venger for å slukke flammar i høge bygningar, og bilar med venger skulle fungere som taxiar gjer i dag.
Lufttaxi
Trass i all kreativiteten, klarte ikkje illustratøren Jean-Marc Côté å sjå føre seg at det ville vere enklare å flyge med propellar enn venger.
Framsynte på teknologi
Trass i at illustratørane bomma i å spå korleis år 2000 skulle bli i lufta og under havet, var dei nære når det kom til korleis teknologi ville prege kvardagen. Under er fem illustrasjonar som var nærare å spå korleis vi lever i det 21. hundreåret.
Diktering
Noko av det største teknologiske inngrepet sidan 2000 har vore mobiltelefonen. I dag er det mogleg å diktere til den, men for over hundre år sidan såg dei føre seg å diktere til eigen maskin.
Robotstøvsugar
Elektrisk skrubbing gir assosiasjonar til dagens robotstøvsugarar.
Postlevering
I illustrasjonen under ser ein postleverandør i lufta, i dag spår ekspertar at postlevering med drone vil bli kvardagen i næraste framtid.
Hurtigmat
Produksjonen av kjøt har blitt raskare, det har illustratørane rett i, men det er framleis ikkje så raskt som det blir framstilt under.
Automatisering
Gardsdrift er hard arbeid i dag og var kanskje hardare før. Fleire bønder ønskte sikkert å automatisere arbeidet som på illustrasjonen under. Sjølv om det ikkje er slik i dag, er det ikkje langt unna samanlikna med korleis det var.
- Les også: Framtida spår dei neste 20 åra