Lom er best i landet

For tredje år på rad: Lom er best!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei beste kommunane

Det meiner i alle fall Kommunal Rapport, som har utvikla det såkalla Kommunebarometeret. I år måtte Lom dele fyrsteplassen med Høylandet kommune.

Kommunebarometeret er ei samanlikning av samtlege kommunar i Norge, basert på sentrale nøkkeltal. Tala er i hovudsak henta frå Statistisk sentralbyrå si Kostra-database. Det er sett på det aller meste, frå skule, kultur, økonomi, kor brukarvenlege kommunane er og mykje meir.

Skjåk har òg gjort det knallgodt på Kommunebarometeret i år: 21. plass. Det er ein plass opp frå i fjor. Vågå kom ein god del lenger bak: 275. plass, som er mykje dårlegare enn i fjor, da dei kom på 193. plass.

Les saka i Fjuken!

Faktaboks

Ti topp i kommunebarometeret
1. Lom
1. Høylandet
3. Sogndal
4. Leikanger
5. Snillfjord
6. Audnedal
7. Ørskog
8. Bindal
9. Os i Hedmark
10. Hornindal

Barometeret til Kommunal Rapport er sett saman av 13 forskjellige sektorar, som er vekta ulikt. Grunnskule, pleie og omsorg, barnehage, barnevern og økonomi utgjer til saman 70 prosent av barometeret.