Organisasjonar vi skulle hatt
Om du no først skal skryte på deg at du er med i ein organisasjon som ikkje finst, så går det jo an å skryte på seg ein hyggelig organisasjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er nokre organisasjonar som ikkje finst, men som eg kunne tenke meg å vere med i:
BUSSMIL. Interesseforeininga for folk som smiler til bussjåførar.
MJAU. Fellesorganisasjonen for alle folk i heile verda som bruker ein god del tid på å le av morsomme kattevideoar på Internett.
MMMMMM. Foreininga for folk som nynnar på gata.
BUTIKKSMIL. Interesseforeininga for folk som smiler til dei som jobbar i butikken.
IFASSEEABSJNNROOSOVSM. Interesseorganisasjonen for alle som synest ein eigentlig alltid bør seie ja når nokon ringer og spør om vi skal møtest.
GÅ. Foreininga for folk liker å gå i bygater sjølv om ein ikkje skal nokon plass.
YES. Organisasjonen for folk som har evnen til å bli så begeistra for noko dei har sett, lese, høyrt eller gjort at dei berre må fortelje alle andre om det.
SOL. Klubben som minner om at det stort sett alltid går mot sommar.
SMSKKGO. Samanslutninga av menneske som synest kelnarar er ei knakande god oppfinning.
SÅSÅ. Samskipnaden for folk som kan tenke seg å oppsøke Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, gi alle medlemmene ein god klem og seie til dei: Slapp av, det går sikkert greitt.
LE. Foreininga for folk som ler høgt.
HELP A TOURIST. Organisasjonen for folk som heilt uoppfordra går bort til forvirra turistar med kart og spør om dei treng hjelp.
INGENTING-KLUBBEN. Klubben for alle som synest at av og til kan det vere fint å sitte i ein stol med ein radio lågt på og gjere ingenting i fleire timar.
OFFSEGFADSSAEMÅFEPDEKFSEKK. Organisasjonen for folk som er glade for at det stort sett alltid er mulig å finne ein plass der ein kan få seg ein kopp kaffi.
FOLKELAGET. Laget for alle som meiner at sånn i det store og det heile så er jo folk faktisk veldig hyggelige.
MARINADE. Foreninga for folk som til ei kvar tid gleder seg til grillsesongen.
FULLT. Organisasjonen for folk som meiner at det skal godt gjerast å kjede seg skikkelig på ein plass der veldig mange menneske er samla.
SAMMSBSGNDFANKKMNAIÅ. Samanslutninga av middelaldrande menn som blir urimelig lykkelige når vi får vite at Nik Kershaw kjem med nytt album i år.
SCHKAWITAEINTURUT. Interesseforeininga for oss som trur verda blir litt betre om litt fleire møtest på serveringsplassar litt oftare for å prate tull.
NATTA. Klubben for oss som synest ein eigentlig bør smile når ein blir vekt av at nokon syng høgt og falskt på gata utanfor soverommet ditt klokk halv fire om natta.
F&C. Ja til meir fish & chips til folket. No!
HAHA. Interesseforeininga for alle som meiner at det må vere greitt å av og til bruke ein heil arbeidsdag til å sjå på gamle engelske humorklipp på nettet.
UNG-BRA. Samanslutninga av folk som synest ungdommen har mykje for seg.
BLABLA. Laget for oss som liker lyden av folk.
SYNG. Klubben for oss som aldri synest det er feil med popsongar som rekk å gjenta refrenget meir enn ti gonger i løpet av tre og eit halvt minutt.
DANS. Klubben for oss som aldri synest det er feil å danse til popsongar som rekk å gjenta refrenget meir enn ti gonger i løpet av tre og eit halvt minutt.
NATTA 2. Interesseforeininga for alle som som synest ein eigentlig bør smile når ein blir vekt midt på natta av folk i naboleilegheita som dansar til popmusikk som rekk å gjenta refrenget meir enn ti gonger i løpet av tre og eit halvt minutt.
BRA-TV. Foreninga for alle oss som meiner at om ein tenker seg om, så er det faktisk også veldig mykje bra på tv.
Stod først på trykk i Aftenposten 21. april.