Fekk jobb etter Titanic-suksess

Med klipp frå kjente filmar har Christer Larsen (24) og Stian Hafstad (27) leika seg til over 65 millionar sjåarar. No blir det alvor.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk jobb etter Titanic-parodi

Framtida.no omtala tidlegare i vinter duoen bak Pistol Shrimps. Allereie den gongen hadde dei skapt Noregs mest populære YouTube-kanal, med 36 millionar visingar. Dei neste månadane har dei fått kring ti millionar nye visingar – per månad.

Den mest populære videoen «Titanic SUPER 3D» nærmar seg no 15 millionar klikk.

Byrja som studentar
Larsen og Hafstad byrja å samarbeida då dei to var studentar i Bergen. Først kom ein Harry Potter-parodi og seinere klekte dei ut nye tullefilmar. I starten frykta Larsen og Hafstad at klippinga kunne skapa trøbbel.

LES OGSÅ: – TV er dødt innan fem år

– Me har tidligare klipt oss inn i Ringenes Herre og Starwars og likar å leika med dei store. Me trudde at me kom til å bli forfølgt av dei bak storfilmane, men dei har lete oss jobba i fred. Denne gongen har til og med Hollywood vore med på spreiinga av videoen, blant anna Oscar-akademiet på sin Twitter-konto, Lee Unkrich i Toy Story og Duncan Jones. Så då liker dei vel det me driv med, seier Christer Larsen til Kampanje.

Har fått regissør-jobb
Då Framtida.no intervjua dei tidlegare i år sa dei at dei håpte merksemda og videoproduksjonen dei kan vise til, indirekte vil kunne gje dei eit levebrød på sikt.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Der fekk dei rett. Christer Larsen har no blitt henta som regissør til Flimmer Film, der han jobbar med visual efx og regi på reklamefilm.

– Me er nøgde med at me har knyta til oss eit slikt talent, seier påtroppande dagleg leiar Thomas Lamo Lokøen til bransjemagasinet Kampanje.

Du kan følgje PistolShrimps på YouTube-kanalen deira!