Asteroide bommar på jorda

Ein 50 meter lang asteroide vil neste år passere jorda på det som i astronomisk samanheng er ein hårfin avstand, berre 24.000 kilometer.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han vil dermed kome nærmare enn mange av satellittane som går i bane rundt jorda, heitte det i den britiske avisa The Independent torsdag. Hadde han treft, ville asteroiden kunne øydeleggje eit område større enn Stor-London.

Vitskapsfolk seier at det ikkje er nokon fare for eit slikt treff. Men dei kan ikkje heilt sjå bort frå at ein annan asteroide ein gong i framtida vil kunne treffe jorda, med katastrofale følgjer, sjølv om faren for noko slikt seiast å vere liten.

Les òg: Gullklump passerer jorda

– Det blir fint å kunne studere asteroiden med kikkert neste år, men det er ingen grunn til å vere redd. Risikoen for at jorda seinare vil bli treft av ein slik himmellekam er svært liten, men ikkje lik null, seier Gerhard Drolshagen i den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

I 1908 eksploderte ein asteroide med ein diameter rekna til 40 meter over Tunguska i Sibir, og øydela eit område på 2.000 kvadratkilometer skog. Dette er eit område like stort som Stor-London, påpeikar Drolshagen. (©NPK)

Meir om 2012 DA14 på Wikipedia