Skriv du fort nok til å tekste for NRK? Ta testen!
Du lyt vere fingernem om du skal direktetekste Dagsnytt 18.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Noreg er det lovfesta at alle program som vert sende hjå dei store norske TV-kanalane mellom kl. 18 og kl. 23 skal vere teksta – sjølv direktesendingane, så sant det er mogeleg.
Det betyr at når to meiningsmotstandarar er i heftig diskusjon på Dagsnytt 18 på NRK2, så sit det ein person og tastar i ein ellevill fart på bakrommet.
På NRK.no kan du følgje Maria Aarnes på audition som direktetekstar hjå statskanalen. Ho skriv kring 130 ord i minuttet. Det er over dobbelt så raskt som det som er vanleg, kring 50 ord.
Ifølgje bladet «Statsspråk» i 2009 klarte dei raskaste direktetekstarane i NRK opptil 600 tastetrykk i minuttet, men det står ikkje noko om kor mange ord i minuttet dei skriv.
Bør tekste meir
Direkteteksting er eit viktig inkluderingstiltak for dei som ikkje høyrer godt. Generalsekretær i Hørselshemmedes landsforbund, Henrik Peersen, meiner difor alle sendingar bør vere teksta, ideelt sett.
– Det er veldig mange menneske i Noreg – éin million nordmenn – som har ei høyrslehemming, og difor har utfordringar med å følgje dialogen og det som vert sagt i TV-sendingane, seier Peersen på Nyhetsmorgen på P2.
Er du fingernem nok til å verte direktetekstar? Her kan du teste kor fort du skriv bokmål!
Kor mange ord skriv du i minuttet (på datamaskin)?
Kor mange ord skriv du i minuttet (på datamaskin)?
- Les også intervjuet med Kaia (14) som måtte ha tolk for å forstå læraren: – Det følast ganske einsamt