Giske vil ha færre reiselivsaktørar

Det er for mange små reiselivsaktørar her i landet, meiner næringsminister Trond Giske. Han meiner Noreg bør satsa på færre og meir eksklusive reisemål.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi bør spissa satsinga slik at vi satsar på nokre færre merkevarer, så får vi heller tenkje at dersom vi får turistar til Noreg eller får nordmenn til å feriera her i landet, så vil det koma alle til gode, seier Giske til NRK.

Næringsministeren meiner det skaper forvirring når over hundre ulike selskap profilerer sine eigne turistmål.

– Eg trur sjølv nordmenn har vanskar med å sjå skilnaden på Førde og Florø og Otta og Vinstra. Då trur eg det blir heilt utopisk å tru at tyskarar eller amerikanarar skal sjå skilnaden, seier han.

Giske er ikkje åleine om å meina at for mange reiselivsaktørar kjempar om dei same turistane. Han får støtte av Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge, det offisielle marknadsføringsselskapet for Vestlandet.

– På nasjonalt nivå er det altfor mange små destinasjonsselskap og lokale reiselivsselskap. Område som Aurland/Flåm, Sognefjorden, Stryn og Balestrand har alt eit namn internasjonalt, har ei lang historie i reiselivssamanheng og har sterk tiltrekkingskraft. Dei bør vi kanskje utnytta i større grad i staden for å tru at kvart nes, kvar krinkel og krok og kommune har potensial til å få gjennomslag internasjonalt, seier han. (©NPK)