Ungt korrektiv for Venstre

– Kvinnherad Venstre treng unge tankar og idear!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nystifta politiske ungdomspartiet, Unge Venstre, er komen godt i gang. Måndag vart det første ordinære medlemsmøte avhalde, denne gongen med trinn 1-kurs for unge venstrefolk, UV1. Til det var Mathias Fischer frå Bergen Unge Venstre hyrt inn. UV1 er det første av fire trinnkurs som dei unge aktivistane aktar å gjennomføra.

– Kva går det første ut på?

– Det handlar om politikken vår, kva vi driv med og ulike liberale dilemma, fortel Martin Fischer.

– Har du eit eksempel på eit liberalt dilemma?

– For eksempel spørsmålet om det er greitt å vera gift med to menn samtidig. Tenk på det, oppmodar Fischer.

Lokallagsleiar Ragnhild Handeland er oppteken av at ungdomspartiet skal gjera seg gjeldande i lokalpolitikken.

– Hovudoppgåva blir å påverka Venstre-kandidatane i kommunestyret, slik at desse fremjar sakene våre. Unge tankar og idear har dei godt av å høyra, meiner Handeland.

– Noko fanesak?

– Vi skal i alle fall jobba med kollektivtrafikken i Sunnhordland, den er altfor dårleg, røpar ho.

Kvinnherad Unge Venstre tel førebels berre fire medlemer, noko leiaren og resten av styret har tenkt å gjera noko med.

– Målet er å bli 10 før 2012 er omme!

Les saka i Kvinnheringen.no!