Dei sjølvlærte planteentusiastane er aktuelle med Gro – en håndbok om grønne inneplanter og deler sine ni beste tips.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er veldig lite som skal til før du får litt meistringskjensle. Du må gjere ein eigeninnsats på nokre timar og når du kan litt, så kan du eigentleg ganske mykje, seier Jenny Solem Vikra.
Ho er ein av gründerane bak det skandinaviske plantemagasinet GRO, som no er aktuelle med Gro – en håndbok om grønne inneplanter.
Her deler dei sjølvlærte planteentusiasjane sine beste tips til nybyrjarar:
- Start med lettstelte plantar!
Plantar med tjukke blad er mykje lettare å halde i live enn plantar med tynne blad, som til dømes bregner.
Topp tre lette plantar:
- Gummifiken – Ficus elastica
- Kinesisk pengeplante, misjonærplante – Pilea peperomioides
- Vindusblad – Monstera deliciosa
- Finn ut kva planten heiter!
Når du skaffar deg ein plante er det lurt å Google eller slå opp planten. Slik finn du ut kva planten treng for å overleva.
- Ha ein fast vatnedag
Dødsårsak nummer ein plant norske plantar er drukning, men uttørking er òg farleg. Med ein fast vatnedag hugsar du lettare å gje plantane væska dei treng. Hugs å vatn meir om sommaren og mindre om vinteren.
- Mykje ljos
Skaff deg plantelys om vinteren, for dei fleste hus og leilegheiter har for lite lys. Hugs at dei fleste plantane i norske heimar eigentleg kjem frå varmare og meir solrike område.
- Pott om!
Når du kjøper plantar i butikk eller på hagesenter har dei ofte dårleg jord og torv. Plantane blir stressa av å bli flytta og tatt på, så dei bør få ei veke til å venne seg til det nye miljøet først.
- Gjødsel
Grøn plantemiks er heilt topp. Du finn det på blomster- og matvarebutikkar og treng ikkje noko meir fancy enn det.
- Sjå opp for skadedyr!
Når du kjøper nye plantar er det spesielt viktig å sjekke at det ikkje kjem med skadedyr som ullus, skjoldlus, spinnmidd, trips og hærmygg, som kanskje er det vanlegaste. Har planten med ubedne gjester må han i karantene, og det er betre å kaste enn å setje tilbake. Tiltak som flogepapir eller neemolje kan ta knekken på uvesena.
- Snakk med mødrer, bestemødrer (og fedrar)
Her er det mykje kunnskap å hente. I tillegg kan du kanskje få med deg stiklingar og avleggjarar, som gjer hobbyen billegare.
- Få deg ein god vatnevenn
Legg ein plan for feriane, slik at du slepp å byrja på nytt etter du har vore borte i 14 dagar.
- Les også intervjuet med Marte Espevik og Jenny Solem Vikra: – Ein tenkjer at det er så miljøvenleg å ha det grønt heime, men det er ikkje nødvendigvis det