SV krev klimabudsjett i alle kommunar

SV meiner alle norske kommunar bør ha ambisiøse mål og klare planar for korleis dei skal få ned utsleppa av klimagassar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det må bli like sjølvsagt at du har orden på utsleppa dine som på pengane dine, sa SV-leiar Audun Lysbakken under partitimen på Arendalsveka.

– Vi må gjere dette valet til eit klimaval og velje lokalpolitikarar som er villige til å bruke makta si til å få ned utsleppa. Når vi har ei regjering som ikkje handlar, er det ekstra viktig å ha lokalpolitikarar som gjer det, slo SV-leiaren fast.

Han viser til Oslo, der SV har vore pådrivar for eit klimabudsjett med mål om å kutte CO2-utsleppa med 95 prosent innan 2030.

– Det handlar om satsing på kollektivtrafikk og elbilar, krav om nullutslepp i byggeprosjekt eller transportnæringar, og at kommunane bruker innkjøpsmakta til å kjøpe klimavennlege produkt, sa Lysbakken.

For å hjelpe kommunane foreslår SV å opprette eit statleg organ som kan låne ut  kompetanse og personale som kan assistere kommunane i arbeidet. (©NPK)

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET HER!