Nyomsette noveller av Stefan Zweig gir nye lesarar eit framifrå høve til å bli kjend med litteraturen til ein fascinerande og evigaktuell europear.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På eit passasjerskip mellom New York og Buenos Aires, blant turistar og forretningsreisande frå alle kantar, møtest tilfeldigvis to ekstraordinære sjakkspelarar: ein verdsmeister som har slått seg opp frå enkle kår på landsbygda i Ungarn, og ein ukjend, sjølvlært ekspert med ferske traume frå fangenskap i Nazi-Tyskland. I bakgrunn og stil kunne dei knapt vore meir ulike; men kven vinn?
Anten du elskar sjakk, eller aldri har skjønt greia, gir «Sjakknovelle» eit sterkt innblikk i kva som gjer at «kongen av spela» fascinerer og grip så mange.
Men novella handlar ikkje berre, eller først og fremst, om sjakk. Som alltid hos Stefan Zweig er det menneska, og dei sosiale, politiske og psykologiske kreftene som formar dei, som står i sentrum.
Verda av i går
Ein treng ikkje vita noko om Zweig for å lesa og lika «Sjakknovelle» og dei fire andre tekstane som er samla i denne utgjevinga; dei står støtt på eigne bein. Historia til forfattaren, som samstundes er ei historie om Europa i ei lagnadstid, er likevel eit studium verdt – og gir ein ekstra botn til lesinga.
Zweig sjølv udødeleggjorde historia i dei berømte memoarane Verda av i går. Der fortel han levande om oppveksten i smeltedigelen Wien på slutten av 1800-talet, og om korleis fridomen og framtidstrua i det nye hundreåret brutalt vart broten av ekstremisme og krig – først éin gong, så ein gong til – til slutt med katastrofale følgjer for Zweig sjølv.
Som forfattar og offentleg intellektuell vart han ein kjendis i kultiverte krinsar i heile Europa. Men då Hitler kom til makta i Tyskland, vart bøkene hans forbodne og brende. Zweig – som tidlegare i livet knapt hadde tenkt på at han hadde jødisk bakgrunn – vart tvungen på flukt, og saman med kona enda han sitt eige liv i Brasil i 1942.
Han etterlet seg to ferdige manuskript, som i ettertida er blitt dei mest kjende tekstane hans: Verda av i går, og Sjakknovelle.
Meir humanist enn modernist
Zweig var samtidig med store modernistar som Franz Kafka, Robert Musil, Samuel Beckett og James Joyce, som alle har vore omsett tidlegare i klassikarserien til Skald. Til forskjell frå dei, er ikkje litteraturen hans først og fremst driven fram av radikale litterære idear, men av kjærleik til det mangfaldige, komplekse mennesket og til forteljingas kunst og kraft.
Eg-personen i «Måneskinssmauet», den første novella i boka, gir presist uttrykk for den humanistiske grunntonen som pregar Zweigs litteratur:
«På ny følte eg – ei kjensle som kan gjere meg så lykkeleg at tårene pressar seg på – at bak kvar einaste vindaugslem ventar ein skjebne, kvar dør opnar seg til nye erfaringar, mangfaldet i verda finst overalt, og sjølv dei skitnaste avkrokane vrimlar av ferdig forma erfaring…»
«Mangfaldet i verda» er sterkt til stades i dei fem novellene i boka: Me får mellom anna møta sjøulkar og nattklubbvertinner i ein sliten hamneby, ein lommetjuv som utøver faget sitt på gata i Paris, ein eksentrisk kunstsamlar under inflasjonsåra i Tyskland, og ei håplaust forelska jente i eit klassedelt Wien, i tillegg til dei tidlegare nemnte sjakkspelarane.
Zweig skildrar stader, folk og stemningar så levande og godt at det lett dannar seg ein film i hovudet medan ein les. Difor er det heller ikkje rart at mange filmskaparar har kasta seg over bøkene hans – ikkje minst Wes Anderson, som baserte Grand Budapest Hotel (2014) på Zweigs liv og verk.
Imponerer med klassikarar
Som alle bøkene i Skald forlag sin prislønte serie med klassikarar på nynorsk, er Sjakknovelle og andre tekstar presentert i eit stilreint, moderne design som gjer ho både god å lesa og fin å ha i bokhylla. Omsetjinga er gjort til eit lett og ledig nynorsk, som aldri stiller seg i vegen for forteljinga.
At same mann – Øystein Vidnes – står bak både formgjevinga (saman med Stefan Ellmer og Andreas Töpfer) og omsetjinga, er ikkje reint lite imponerande.
Fakta
Sjakknovelle og andre tekstar
Av Stefan Zweig
Omsett av Øystein Vidnes
Skald forlag, 2019