Hundens beste venn

Ein slede og 48 sokkekledde potar skal hjelpe Merete Neset (25) frå Rauland over Finnmarksvidda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Før Merete Neset stig ut av den store, svarte bilen sin i tunet på Austbø, høyrer ein dei mange firbeinte turkompanjongane hennar ta heilt av oppe i hundegarden bak huset. Ekstatisk hundeglam blandar seg med Meretes ivrige roping og helsing på dei blåøygde, ulveliknande venene sine. 

– Dei gøyr visst ikkje alltid så mykje. Men dei gjer det kvar gong eg kjem. Dei gøyr berre eg køyrer forbi – dei kjenner att lyden av bilen min. 

I fire år har raulandsjenta vore med og trena dei sibirske huskyane til Tina Dal og Marcos Porcires i Austbø. Men draumen om å drive med hundekøyring har vore der heile livet. 

– Eg er utruleg glad i dyr og naturen. Då eg tok den fyrste sledeturen min åleine med bikkjene, skjønte eg at det er dette eg vil drive med, seier Merete.

Femti tøffe mil 
I mars står det tøffe Finnmarksløpet for tur. Femti mil skal ho og hundane køyre gjennom kaldt og aude nordnorsk landskap før dei er i mål i Alta. Eigentleg hadde ikkje Merete nokon sterk trong til å delta i slike løp.

– Det er turane og treninga eg er oppteken av. Naturopplevingane. Kosen er det viktigaste for meg. Men når eg har vore med Tina og Marcos på løp, kjenner eg at det kriblar når dei stiller til start, og eg har tenkt at det hadde vore utruleg moro. Så no var det vel på tide, seier Merete, som har fått lokal sponsorhjelp for å koma seg til Finnmark og delta i løpet.

Det var hundeeigarane Tina og Marcos som fekk ho til å stille i år. Førre veke deltok ho i Hallingløpet, som ei oppvarming til Finnmarksløpet. 
– Eg er ikkje noko nattmenneske og er heller ikkje glad i kulda. Difor har det ikkje vore så om å gjera for meg å delta på lange løp med overnatting. Men det gjekk bra i Hallingdal, trass nokre utfordringar, fortel ho.

Undervegs blei ein av selane til bikkjene øydelagt. Merete hadde ikkje med seg reserve. Ho var heldig, og fekk ein ny sele av ein annan deltakar som stoppa. Elles gjekk det knirkefritt, og ho hamna til slutt på 17. plass av 24.

Reserveselar blir noko av det fyrste ho pakkar ned når ho set kursen mot Finnmark.

Kan bli bom stopp 
– Eg veit ikkje kva som ventar meg i Finnmark. Det er 50 mil – Hallingløpet var på 16. Dessutan er nok klimaet eit anna der oppe, seier den tøffe hundekøyraren. 

Men det er ikkje klimaet ho fryktar mest. Den største frykta, utanom at noko skjer med hundane, er eit fenomen hundekøyrarane kallar parkering.

– Det betyr at bikkjene berre stoppar. Dei nektar å røre seg. Dei kan vera leie eller slitne, og kan bli heilt umoglege å få i gang att. Det er skrekken. Det er fælt, men dersom eg kjem forbi ein annan deltakar som har fått parkering, må eg berre køyre vidare. Det smittar fort over på andre bikkjer, forklarar Merete. 

Noko av det viktigaste under eit løp, er å halde farten til bikkjene nede på eit jamt og passeleg nivå, så dei ikkje slit seg ut. Ein må òg gje dei påfyll av mat i løpet av etappane, og passe på at sokkane sit på potane. Ein sokkelaus pote får fort sprekkar under slike forhold. 

Eit blikk er nok 
Tjugefemåringen har ein heilt spesiell kontakt med hundane. 

– Eg trur nokon har ei eiga evne til å ha kontakt med dyr. Ein må kjenne bikkjene godt for å drive med dette. Noko av det aller beste med køyringa er når ein kanskje er litt sliten, og kjenner at det blir tøft å halde fram – då plukkar hundane det opp med ein gong. Når ei av dei snur seg og sender meg eit blikk som viser at ho skjønar … Det er nok til at ein kjem seg opp att og får ein ny giv. Ein må tenke positivt heile tida.

Å sjå korleis hundane jobbar saman er også noko som gjev Merete mykje. Det er stor grad av sjølvjustis i eit hundespann. 

– Når ein av dei to leiarhundane byrjar å snuse og bli litt ukonsentrert, er det moro å sjå korleis den andre hankar han inn att og får han på rett spor, smiler ho. 

Overteke plassen til skuteren 
Draumen er å leve av hundekjøringa, men dit er vegen lang. Det er ikkje mange i Noreg som får nok sponsorhjelp til å ha det som fulltidsjobb. Men draumar må ein ha. Og så må ein ha god støtte frå dei rundt seg, når ein har ein så altoppslukande hobby. 

– Kjærasten min og venene mine støttar meg veldig. Eg har ikkje vore mykje sosial i det siste, men dei forstår. Kjærasten min er med som hjelpar under løpa, og skal vera med til Finnmark i mars. Eg har lova han ein lang ferie snart, seier ho og ler. 

Kvar den ferien finn stad, står att å sjå. Raulandsjenta set større og større pris på å nyte naturen saman med hundane og sleden. 

– Eg hadde ein snøskuter, men den selde eg. Eg fekk ikkje tid til å bruke han, og dessutan bråkar det alt for mykje. 

Men hundar som gøyr ivrig, det er musikk i Meretes øyro. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!