Desse er nominerte til Uprisen

Spenningsforfattar Sigbjørn Mostue er nominert for tredje gong.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år kårar Foreningen !les i samarbeid med ungdomsskuleelevar frå heile landet årets beste ungdomsbok.

Torsdag 19. januar vart det klart kva  bøker som er med vidare i finalerunden og kan få Uprisen 2017.

Dei nominerte er:

Tom Kristensen: Jakten (World of spycraft 2). Cappelen Damm

Sigbjørn Mostue: Når historien slutter (I morgen er alt mørkt 3). Cappelen Damm

Vera Voss: Hyper (De4-serien). Kagge

Asbjørn Rydland: Galderstjerna. Samlaget

Tore Aurstad: Fangarmer. Cappelen Damm

– Det er mange actionfylte bøker blant dei nominerte. Språket er lett å leva seg inn i og ungdom kan kjenne seg att i hovudkarakterane. Alle dei nominerte er nyskapande og truverdige for sjangeren, seier nominasjonsjuryen i ei pressemelding.

Nominasjonsjuryen består av Stina Nordland (Sandnes skule), Kristoffer Sortland (Cicignon skole) og Kristine Titland (Lindås ungdomsskole).

Juryen har basert seg på over 1400 bokmeldingar og diskutert seg fram til dei fem nominerte bøkene.

Mykje serielitteratur
Uprisen vart delt ut for fyrste gong i 2007 av Foreningen !les. Prosjektleiar Bjarte Bakken fortel at nominasjonane er prega av serielitteratur.

– Det er interessant at Mostue er nominert for tredje gang for trilogien I morgen er alt mørkt. Ellers blir det spanande å sjå korleis Rydlands første bok i Vegandi-serien, Galderstjerna, blir mottatt blant juryklassane, seier han i pressemeldinga.

Galderstjerna er den einaste nynorskutgjeinga blant dei fem nominerte.

Sju juryklasser frå Finnmark i nord til Vest-Agder i sør skal no i gang med å lesa de fem nominerte bøkene. Vinnaren vert kåra under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i slutten av mai.