Wikipedia stengjer

Nettleksikonet stengjer i 24 timar onsdag i protest mot SOPA.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske Kongressen behandlar i desse dagar eit lovframlegg kalla Sopa (Stop Online Piracy Act). Lovframlegget skal få slutt på piratkopiering og er ei innskjerping av reglane for opphavsrett på nettet.

Men Google og andre IT-gigantar samanliknar dei nye reglane med sensuren i land som Iran og Kina.

Wikipedia-grunnleggjar Jimmy Wales åtvarar i ei twittermelding mot den nye lova.

– Åtvaring til studentar. Gjer leksene i god tid. Wikipedia protesterer mot dårlege lover på onsdag, skriv han.

KOMMENTAR: Stopp #SOPA

I staden for dei vanlege Wikipedia-sidene, som har til saman 25 millionar besøkjande kvar dag, vil det onsdag bli lagt ut instruksjonar om korleis folk kan komme i kontakt med kongressrepresentantar. Jimmy Wales seier han håper det vil føre til at telefonsystema i Washington kollapsar. (©NPK)