Her er det flest kvinnelege lærarar
I ni av ti kommunar er mannlege lærarar klart i mindretal. Professor fryktar det går ut over gutane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar kvinne- dominans i skulen
– Kvinnelege lærarar må bli flinkare til å møta behova til gutane, seier pedagogikkprofessor Thomas Nordal ved Høgskolen i Hedmark til Kommunal Rapport.
Ei oversikt avisa har laga, viser at ni av ti kommunar har mindre enn 40 prosent mannlege lærarar. Nokre stader er kvinnedominansen endå større. Færrast mannlege lærarar er det i småkommunane Bygland i Aust-Agder, Solund i
Sogn og Fjordane og Rindal i Sør-Trøndelag. Her er nesten ni av ti lærarar kvinner.
Berre tre kommunar har dette skuleåret fleire mannlege enn kvinnelege lærarar. Det er Hornindal i Sogn og Fjordane, Skodje i Møre og Romsdal og Beiarn kommune i Nordland.
Professor Thomas Nordahl meiner den skeive kjønnsfordelinga blant lærarane kan vera ei medverkande årsak til at gutane jamt over gjer det dårlegare på skulen både når det gjeld faglege prestasjonar, sosial dugleik og åtferd.
– Vi treng fleire mannlege lærarar i skulen. Men det er eit langsiktig prosjekt. Vel så viktig er det at kvinnelege lærarar får meir kompetanse i å møta og akseptera gutane, seier han. (©NPK)