Boka gir eit lite innblikk i korleis dei tenkjer, samhandlar og lever i desse delane av verda.
Fleire av menneska Garfors har møtt, er godt utdanna i Vesten. Dei har reist tilbake til heimlandet med store ambisjonar for framtida til landet. Dei meiner potensialet absolutt er til stades med ressursar som attraktive råvarer, vakker natur og levande kulturliv, men at styresmakter, krig, korrupsjon og dårleg utdanningssystem hindrar framgang og utvikling.
Kreative ambisjonar
Vi får møte menneske som osar av både kreativitet, pågangsmot og skaparkraft. I São Tomé får vi treffe ein som lagar verdas beste sjokolade, frå kakaobønner til ferdig produkt, men som ikkje har ambisjonar om å ekspandere.
På Salomonøyane bur ei aleinemor med amputert arm og ni born på eit vakkert resort som ho har bygd opp frå ingenting.
I Kabul i Afghanistan har ein mann etablert ein moderne kafé med espresso, europeisk bakverk og gratis internett.
Forfattaren skildrar også samtalar med lærarar, kvinner i flyktningeleirar, FN-soldatar, fiskarar, prostituerte og korrupte politimenn.
Nokre er deprimerte, nokre er resignerte, nokre meiner dei bur i verdas beste land, men mange har tankar om ei betre framtid og korleis ein må samarbeide for å komme dit.
Eit oppgjer med i-landsarrogansen
Gunnar Garfors meiner at ein del av å reise er å la seg påverke av opplevingar, fundere over sosiale skilnader og ta eit aldri så lite oppgjer med sin eigen i-landsarroganse.
Denne boka kan vere med og gje lesaren ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar og gjere noko med korleis ein ser på verda.