Vegen til Det Kvite Hus

I Iowa er slaget over, men nominasjonskampen held fram.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mitt Romney fekk flest stemmer i den første reelle presidentnominasjonskampen til det republikanske partiet i den vesle staten Iowa, skriv Reuters.

Sigeren var særs knapp ettersom den næraste utfordraren Rick Santorum noko overraskande berre fekk 8 færre stemmer, 30015 mot 30007.

Ron Paul fekk tredjeplassen med 26219 stemmer.

Det er likevel venta at Santorum har liten sjanse til å hevde seg vidare i nominasjonskampen, ettersom han har lite pengar og får lite støtte i dei neste statane med nominasjonsval. I den neste staten, New Hampshire, ligg Romney an til å vinne med 41% mot Paul som har 19% ved primærvalet 10.januar, skal ein tru siste meiningsmåling. Ettersom Santorum blir rekna som ein sosialt konservativ kandidat, og New Hampshire er ein liberal stat, har han lenge vorte rekna som sjanselaus her.

Romney har likevel ikkje nokon trygg posisjon, ettersom han ikkje klarar å få meir enn ein av fire republikanarar til å støtte seg og ikkje har vore over dette talet på nasjonale meiningsmålingar på noko tidspunkt i den lange valkampen så langt, og dei neste statane, Sør-Carolina og Florida, er rekna som langt meir konservative slik at politikarar som Santorum har sterkare støtte her.

Kun ein gong har ein kandidat som har fått lågare enn tredjeplass i Iowa vunne nominasjonskampen til slutt.

USA vel president gjennom partimøter og primærval i alle dei ulike statane, både Demokratane og Republikanarane held slike i alle statar. Alle som identifiserer seg med eit av partia kan vanlegvis få stemmerett, men reglane er litt ulike frå stat til stat. Det ein stemmer på er delegatar til den nasjonale kongressen partia held etter at alle statane har sagt sitt, og det er desse som vel kven dei ønsker å ha som president på denne kongressen. Folketalet i ein stat avgjer kor mange delegatar staten får sende til kongressen.

Etter dei to partikongressane samlar partia seg vanlegvis ikring kandidaten som er valt, og den verkelege valkampen mellom dei to partia startar. Valdagen er 6.november for alle statar.

Les meir om prosessen her.

Prøv vår Quiz om amerikansk politikk.