Landbruksinteressa går ned

Den gjennomsnittlege gardbrukarfamilien brukar stadig færre timar på gardsarbeid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landbruks- interessa går ned

Partnaren til gardbrukaren har redusert talet på arbeidstimar med gardsarbeid frå 1990 til 2009.

Det går fram av ei gransking gjennomført av KUN – senter for kunnskap og likestilling, NILF og Norsk senter for bygdeforskning.

Tal frå driftsgranskingane viser at medan partnaren til bonden for tjue år sidan jobba meir på garden enn utanom, er situasjonen no omvendt.

I 2009 jobba partnaren til bonden i snitt 410 timar på garden og 1.026 timar i lønna arbeid.

Partnaren deltek flest timar i gardsdrifta der hovudproduksjonen er mjølk eller grønsaker, og er minst aktiv i drifta på kornbruk, skriv Nationen.

Økonomisk forklaring

Når kvinner vel å jobbe mindre på garden har dette ei nærliggjande økonomisk forklaring. I stadig større grad er det lønnsarbeid som er det økonomisk mest gunstige.

I 1991 var driftsinntekta per time rundt 75 kroner, medan lønnsinntekta låg rundt 100 kroner. Atten år seinare er driftsinntekta omtrent uendra, medan lønnsinntekta er auka til 220 kroner.

Verdifull interesse

Tilsvarande viser analyser med data frå driftsgranskingane at involveringa til partnaren i gardsdrift er positivt for driftsoverskotet i jordbruket, men svakt negativt for familieinntekta.

Ei kvalitativ intervjubasert undersøking av bønder i Nord-Trøndelag og Nordland viser at partnaren til bonden har ei rolle å spele i gardsbruket utover det å arbeide der.

Ifølgje undersøkinga er den kjenslemessige involveringa/interessa til partnaren for gardsarbeidet viktig for gardbrukarar. Det at partnaren for eksempel kom for å sjå på nyfødde kalvar, eller skapte seg eigne prosjekt og interesser på garden, styrkte både forholdet mellom gardbrukarparet og gardsdrifta.

Undersøkinga indikerer også at deltakinga til ungane er avhengig av den innstillinga mor har til gardsarbeidet. (©NPK)