Svalbard fekk fjerdeplass

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Wikimedia Foundation, stiftinga bak Wikipedia, arrangerte i haust ein av Europas største fotokonkurransar nokonsinne, der vinnarane vart kåra av fagjuryar i kvart land og for Europa som heilskap. Temaet i konkurransen var kulturminne, og alle bileta måtte lastast opp til den opne fotobasen Wikimedia Commons, som har nesten 12 millioner bilete.

Dei norske premierte bileta var teke i høvesvis Kristiansand, Stavern, Rakkestad (Os kirke), Nore, Hamar, Vallersund, Tromsø, Honningsvåg og Longyearbyen.

Juryen i Noreg var sett saman av Lars Roede (Oslo Bymuseum), Jacques Hvistendal (Dagbladet), Marius Arnesen (NRK), og Sølvi Ediassen (Entra). Arrangør var Wikimedia Norge, og konkurransen brukte kulturminnelister frå Riksantikvaren. Vinnarane får fotoutstyr fra Canon.

– Wiki Loves Monuments har opna endå fleire augo for kulturskattane i Europa, og det var veldig moro at eit norsk bilete tok fjerdeplassen i Europa. Vi håpar å arrangere konkurransen att neste år med endå større deltaking, seier styreleiar Jarle Vines i Wikimedia Norge.

Les meir om kåringa her!