Jula mi er betre enn di

Den aller vakraste av alle vakre juletradisjonar, er tradisjonen med å klage over at folk ikkje tek godt nok vare på dei vakre juletradisjonane.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Jula mi er betre enn di

Den gode julestemninga senkar seg i hus og hytte først når klaginga tek til. Når for eksempel nokon klagar over at ingen bakar til jul i våre dagar. Før, seier dei, då bakte alle. Og med alle meiner dei mødrene sine. Det var ikkje måte på kor desse mødrene bakte. Det var bakst overalt! Goro og krumkaker og fattigmann og sirupsnippar. Dei er ikkje slik no. No kjøper folk kakene på Rema eller lastar dei ned frå nettet, seier dei som klagar, for å vise at dei heng med i tida og har humor. Og så begynner dei gjerne å snakke om alle dei gløymde julekakene, som hadde sitt opphav i ei bestemt bygd, eller ei bestemt grend, eller eit bestemt hus, men som ingen kan bake i våre dagar. Styggstrut. Baskebakst. Dumdame. Sønderstrull med klepp. Bondebraut med gøple og heng. Spystuk. Gammalfjåd med smik.

Ah! Når folk klagar over at ingen lenger kan bake gammalfjåd og spystuk, då er det jul.

Sjølv vil eg nytte denne jula til å klage over ein heilt annan juletradisjon som eg fryktar er utryddingstrua: Julebrevet. Og eg presiserer at eg ikkje meiner julekortet, der familien eller bedrifta har tatt på seg nisseluer for å takke for samarbeidet og vise at heller ikkje mellomleiarar kler dusk. Nei, eg snakkar om brevet. Det ganske lange brevet som har blitt laga på heime-PCen og skrive ut på halvfint papir med datajulepynt i hjørna. Mangfoldiggjort og sendt til slekt og venner og ein del andre. Brevet der familien i stor detalj og i skamlaust sjølvrosande ordelag gjer greie for alt som har skjedd i familien det siste året, og det er som regel ikkje lite.

«Kåre har blitt forfremma igjen,» stod det gjerne i sånne julebrev før. «Kåre har blitt seniorrådgivar og det er ikkje fritt for at mannen er ganske så stolt. Og Lene har hatt nok å gjere med den nystarta bedrifta. Det skal ikkje nektast for at kundane er svært fornøgde og det skal ikkje stikkast under ein stol at forretningane går strykande. Og det skal ikkje stikkast under ein stol at det ligg litt meir pengar i den nye stillinga til Kåre også. Ny bil har det blitt, det skal det ikkje nektast for, eit nytt tilbygg på hytta, som vi ikkje skal nekte for at vi både har teikna og bygd sjølv. Synd at vi nesten aldri får tid til å bruke hytta, for det er jo så mange andre land som må besøkast i feriane! Det skal ikkje nektast for at vi har lagt vår elsk på Toscana etter sommarens vedunderlige veker der. Det skal ikkje nektast for at det blei mykje godt, både i glasa og på fata. Det skal ikkje stikkast under ein stol at det blei nokre kilo ekstra på både den eine og den andre etter den ferien, men livet er då til for å nytast og ikkje for å stikkast under ein stol. Linnea er best i klassen og kaptein på handballaget og musikklæraren seier det ikkje skal nektast for at ho er litt av eit songtalent. Christoffer er aktiv som berre det. Det er ikkje fritt for at det kan bli litt mykje, med både musikk og dans og basket og stikking under stol.»

Slike brev skreiv folk før. Og dei slutta aldri, desse breva. Og dei skraut og dei skraut. Det var ikkje måte på kor folk skraut i julebreva før. Det var skryt overalt! Med bilde, mange bilde, frå dei interessante feriane, av barna som speler piano og løftar pokalar, av mor og far som ser forelska ut etter alle desse åra, tenk det!

Eg får færre slike brev no. Det kan sjølvsagt hende at det berre er vennene mine som ikkje har tid. Eller ikkje har liv som kan skrivast om i slike brev. Men eg trur ikkje det er heile forklaringa. Behovet for å skryte av familien på slutten av året, er nok mykje mindre enn det var.

For no skriv folk slike ting heile tida. Daglig fortel vi om dei fantastiske familiane og dei gode liva våre. «Liker,» svarer vennene.

Før hadde ikkje folk denne sjansen til å skryte daglig. Julebreva var resultat av eit års oppmagasinert sjølvskryt. Det er klart dei blei lange.

Når vi skryt av dei fine liva våre heile året, så har vi ikkje meir skryt igjen når desember kjem. Vi er ferdigskrytt.

Og slik dør tradisjonen med altfor lange hemningslaust skrytete julebrev med altfor mange hemningslaust skrytete bilde.

Det er trist. Og dette er noko som verkelig bekymrar meg.

Baksten drit eg i.

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 24. desember.

LES FLEIRE ARE KALVØ-TEKSTAR HER!