Denne drep fleire tusen lam
Giftig plante drep tusenvis av lam i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skinnet bedreg, heiter det. Slik er det også med den vakre, gule planten Rome. Trass den nydelege utstrålinga si, er planta livsfarleg for små lam.
Planta, som veks på Vestlandet og Trøndelag, fører kvart år til at tusenvis av lam lir ein pinefull død. Når lamma et planta, utviklar dei nemleg den alvorlege sjukdommen alveld.
– Problemet med alveld har vore særleg stort i 2011, seier fylkesagronom Åshild Melkeraaen ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal til NRK.no.
Ho fortel at problemet er spesielt stort i Møre og Romsdal.
Enkelte år kan planta ta livet av 5.000 lam her i landet. Tala frå Møre og Romsdal tyder på at dødstala i år kan vera endå høgare.
Sjukdommen artar seg slik at lamma blir overfølsame for lys. På området med lite ull, blir huda øydelagt. Dyra blir etter kvart lyssky og døyr, forklarer NRK. (©NPK)