Held ungdomsbedriftene i øyrene

Arbeidstilsynet er i desse dagar ute på tilsyn, til ungdomsbedrifter i heile landet.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Held ungdoms- bedriftene i øyro

– Har alle tilsette i ungdomsbedrifta arbeidsavtale? Kva gjer elevane når det oppstår konfliktar i bedrifta? Kva gjer elevane når det oppstår konfliktar i bedrifta?

Dette er nokre av tilhøva Arbeidstilsynet undersøker, i meir enn 100 ungdomsbedrifter i alle fylke.

Ikkje berre pålegg
– Vi vonar og trur, at tilsyn frå Arbeidstilsynet vil vera med på å gjere ungdommane merksame på at det finst ein arbeidsmiljølov og at det er viktig å fylgje den, fortel Ingrid Finboe Svendsen, direktør i Arbeidstilsynet.

Ho understrekar at målet ikkje er flest mogeleg pålegg, men at ungdommane lærar så mykje som mogeleg.

Etikk og kunnskap
11.085 elevar dreiv elevbedrift førre skuleår, i regi av Ungt Entrepenørskap. Målet er mellom anna å gje kunnskap og forståing, om etikk og reglar i nærings- og arbeidslivet.

– Vi tykkjer det er positivt at Arbeidstilsynet tek ungdomsbedriftene på alvor, og at dei vil bruke ressursar på å bevisstgjere elevane på kor viktig det er med godt arbeidsmiljø, seier Anne Kathrine Slundgård, som er dagleg leiar i Ungt Entrepenørskap.

Endrar haldningar
Ungdomsbedrifter vert oppmuntra til å ha IA-avtalar, der søkelyset er retta mot trivsel, motivasjon, arbeidsglede og redusert fråvær.

Avtalen har hatt gode resultat i ungdomsbedriftene, og har vore med på å skape ei haldningsendring, frå Mitt fråvær angår berre meg, til mitt fråvær angår og har konsekvensar frå andre.

– Vi vonar dette skuleåret vil stå i arbeidsmiljøets teikn, og det vert spanande å sjå kva Arbeidstilsynet finn, avsluttar Sundgård.