Ikkje likestilling i Sambandet?

Norsk Luthersk Misjonssamband gav berre menn lov til å søkje på stilling som økonomileiar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Misjonssambandet bryt lova

I februar i år lyste NLM ut stilling som økonomileiar og presiserte at berre menn kunne søkje. Likestillingsombodet vart tipsa om saka. Konklusjonen kom fredag.

– Vi har ikkje overprøvd synet til Misjonssambandet på kva som er eit lærespørsmål. Vi har konkludert med at dei kan opne stillinga for kvinner ved å organisere seg annleis og likevel behalde synet på kven som er hyrde- og læreansvarleg i organisasjonen, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til Vårt Land.

Avgjerda får inga betydning for Øystein Frøysa, som vart tilsett som økonomileiar 1. juni. Men ombodet har gjeve Misjonssambandet frist til 6. februar til å gje tilbakemelding på om NLM vil setje i gang eit arbeid med å endre grunnreglane fram mot generalforsamlinga i juli neste år.

Ombodet kan ikkje påleggje NLM å opne stillinga for kvinner, men Ørstavik kan klage organisasjonen inn for Likestillingsnemnda dersom NLM ikkje rettar seg etter konklusjonen. Likestillingsnemnda har rett til å påleggje tiltak og å skrive ut bøter. NLM har samstundes høve til å klage konklusjonen frå ombodet inn for nemnda.

– Det er greitt at Likestillingsombodet har kome fram til ein konklusjon, seier generalsekretær Øyvind Åsland. Han tek konklusjonen til etterretning og vil vurdere korleis NLM skal svare, men han seier det er lite som tyder på at NLM kjem til å klage. (©NPK)

Er det greit med andre reglar for religiøse organisasjonar enn elles? Diskutèr gjerne i kommentarfeltet under!