Meir samanvovne enn rekna med

Gjennom så få ledd kan du nå alle folk på jorda, ifølgje Facebook-undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking gjennomført av Facebook tyder på at folk er tettare samanvovne enn tidlegare rekna med.

Mellom to tilfeldig valde personar er det aldri meir enn seks ledd. Det er teorien som først vart fremja av den ungarske forfattaren Frigyes Karinthy i novella «Láncszemek» frå 1929, og som sidan vart teken opp igjen i John Guares teaterstykke «Six Degrees of Separation» og i filmen ved same namn.

Teorien vart for første gong testa vitskapeleg på 1960-talet i eit eksperiment utført av den kjente psykologen Stanley Milgram. Han bad 296 frivillige om å sende eit brev til ein namngitt person i forstaden Sharon utanfor Boston i USA, ikkje direkte, men gjennom venner som dei meinte det var større sjanse for at kjente riktig person.

LES OGSÅ: Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg

Eksperimentet viste at brevet i snitt måtte gå via 5,2 mellommenn før det nådde fram til målet sitt. Rundt rekna var det dermed nettopp seks ledd i alt.

No har Facebooks analysegruppe gjennomført ei omfattande undersøking som viser at talet på ledd mellom to tilfeldig valde brukarar er lågare enn seks. Ifølgje Facebook er det fem ledd eller færre mellom 99,6 prosent av Facebooks brukarar. I snitt er det 4,74 ledd mellom to tilfeldig valde brukarar.

Facebook har i dag 721 millionar aktive brukarar, noko som svarar til rundt 10 prosent av den samla befolkninga i verda. (©NPK)

LES OGSÅ: – Difor funkar Facebook til flørting