Reddar slettmeg.no
Får halda fram med å hjelpa folk som blir krenka på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slettmeg.no gjev råd og rettleiing til menneske som opplever å bli krenkt og som ynskjer å få fjerna informasjon om seg sjølv på nettet. Slettehjelpstenesta har fram til i dag vore eit prøveprosjekt.
– No sikrar vi permanent drift av Slettmeg.no. Norsk senter for informasjonssikring (Norsis) overtek drifta, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud (Ap) i ei pressemelding. I statsbudsjettet kutta ho ut støtte til prosjektet, og sa samstundes at ho håpte Facebook kunne hjelpa med finansiering. Det ville ikkje internettgiganten vera med på.
– Eg er veldig glad Norsis har påtatt seg å drifte slettmeg.no. Slettmeg.no er ei viktig teneste for dei som har opplevd krenkingar på nettet. Dette gjeld ikkje minst dei ungen. Ungdom er blant dei mest sårbare på nettet og har ofte ikkje økonomi og kompetanse til å løyse dette heilt åleine, seier Rigmor Aasrud.
Slettmeg.no har sidan hausten 2009 vore eit prosjekt under Datatilsynet. Norsis påtar seg ansvaret for å drive slettmeg.no på permanent basis innanfor sine budsjettrammer frå 1. januar 2012.
Overføring av drifta av slettmeg.no frå Datatilsynet til NorSIS skal skje på ein slik måte at brukarane ikkje opplever brot i slettehjelpstenesta.