Droppa ni av tolv valdtektstiltak
Justisministeren sa tiltaka var mogleg å gjennomføra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at valdtektsutvalet i 2008 kom med tolv forslag til tiltak, sa justisminister Knut Storberget (Ap) at tiltaka var «gjennomførbare». Fire år seinare er berre to av tiltaka sett i verk.
Det viser ei oversikt VG har utarbeidd etter å ha snakka med ei rekkje aktørar med innsikt i forslaga.
Dei to tiltaka som blir sett på som gjennomført, er gratis helsehjelp ved overgrepsmottak og forsking på omfang av valdtekt og kjenneteikn ved valdtektsmenn. Forslaget om at ein skal leggje til rette for samtalar mellom gjerningsmann og offer, har avisa ikkje fått fram om er gjennomført eller ikkje.
Rita Sletner (V) som leia utvalet, er overraska.
– Me leverte vår rapport på normert tid av respekt for offera. No vil eg be justisministeren om å gjere det same. Det er rett og slett på tide med meir handling, seier ho.
Blant tiltaka som ikkje er sett i verk, finn ein innføring av eigne polititeam i kvart politidistrikt, kompetanseheving i rettsapparatet, obligatorisk opptak av avhøyr, undervisning om seksuelle overgrep i grunnskular og vidaregåande, og oppretting av ei eiga spesialeining for sedskapsbrotsverk.
I fleire av desse tilfella meiner Storberget at departementet har kome langt på veg, og han viser blant anna til ei nyetablert avdeling i Kripos.
– Eg tykkjer me har følgt opp hovudretninga i arbeidet til utvalet og det som Justisdepartementet har ansvaret for, seier han til avisa. (©NPK)
Kva meiner du bør gjerast for å få bukt med valdtektsbølgja i Oslo?