Estetisert smerte
BOKMELDING: Kristina Leganger Iversen er kanskje den mest interessante lyrikkdebutanten i landet i år. Uheldigvis skulle ho også bli ufrivillig aktuell.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forfattar: Kristina Leganger Iversen
Bok: Hjartemekanikk (dikt)
Forlag: Det Norske Samlaget, 2011
Aller best er ho når musikk og medisin blandar seg i same setninger, når ho lagar lyrikk av medisinsk terminologi, eller kompleks språkstruktur av tilsynelatande fragmentert tekst.
Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Bergen. Ho har skrive skjønnlitterært på nettsida Trafo.no i snart seks år, og har vore ein av dei mest ivrige og dyktige kunstnarane som har brukt den sida og den mulegheita for å få vegleiing frå skrivelærarar der.
Det høge aktivitetsnivået har visst også hatt ein stor grad av målmedvit. Kristina har vist enorm framgang og utvikling gjennom desse seks åra. Det veit eg fordi eg har lese alle bidraga av henne som ligg i arkivet til Trafo.
Nei, eg er ikkje ein objektv meldar av debutboka hennar. Men slik er det å melde bøker i dette vesle landet. Alle er ugilde. Og eg visste lenge før eg fekk boka til Kristina i hendene at eg kom til å skamrose henne. Eg har lese dette manuset på fleire ulike stadium.
Den første gongen kan ha vore i årrskiftet 2009 – 2010 ein gong. Då hadde det allereie vore hos eit par andre mentorar hos Trafo. Eg syntest allereie då at det var så godt at eg rådde Leganger til å sende teksten til ein redaktør hos Samlaget. Som ho gjorde. Då ho fekk godkjent teksten av redaktøren der, fekk eg heldigvis lov til å lese manus igjen, som konsulent. Til den store overraskinga mi hadde ikkje manus endra seg drastisk etter at forlaget var kome inn i bildet.
Eg tenkte:
Integritet!
Eg tenkte:
Kristina veit kva ho vil, og ho har bukta og båe endene klare for seg. Slutt og byrjing, og forholdet mellom den midre og dei to omliggande delane har visst vore det same så lenge eg har lese manus. I den ferdige boka, som eg no har i hende, er det også slik:
Boka fortel historia om eit par som blir i lag, som gler seg til å bygge relasjon og vere sambuarar, men som blir råka av ei ulukke. Leganger fortel ikkje historia kronologisk, men bryt ho opp i tre delar. Ho stokkar om på delane slik at den midtre delen, den om ulukka, kjem først. I midten kjem det som skulle vere først. Sambuarskapet. Til slutt kjem det som både var starten, før alt skjedde, men også den absolutte slutten, døden.
Effekten som dette har på meg, er at alt blir sett veldig i perspektiv. Eg får eit heilt nytt forhold til konseptet "byrjing" eller "slutt". Det er noko veldig veldig alvorsamt og pessimistisk over dette. Byrjinga har allereie slutten i seg.
Samstundes har det som ein vanlegvis tenkjer på som den ultimate slutten også ei byrjing i seg. Ei ny byrjing, kanskje. Det er tema som er handsama på heilt andre måtar av forfattarar som Hilde Myklebust, Sigmund Løvåsen og Paal Helge Haugen. Også dei skriv om det som blir brote ned og som døyr, for at anna skal stå opp. Sirkulasjon og krinslaup. Liv, daud, liv. Lauv, jord, nye spirar, tre, museøyre, gule lauv.
Hos Leganger har dette blitt til desse delhistoriane: Ulukka dødsfallet. Tida med å etablere seg som kjærastar. Og tida rett før ulukka. Sånn om lag slik. Leganger gjer det ikkje lett for lesaren sin å følgje med på det logiske nivået. Men så er verken kjærleiken, forelskinga eller sorga logisk.
"Trauma memory has no narration", skriv Siri Hustvedt. Dette er motivasjonssitatet framst i boka også. Mellomtitlane på underdelar: Autopsi, Hjartemekanikk, Traumatologi. Den første delen i pluskvamperfektum, presens, infinitiv, preteritum, presens: Vi hadde tatt fram/ badetøy, handduk/ eg hadde kjøpt med/ olden boble, jordbær/ og fersken, dei skulle/ vere overmodne og søte (…) den eine tonen/ som etterfølgjer/ krasjet (…) å bygge seg eit liv i byen, kunne vi/ sjå ut på trikkane, kvar dag, kunne vi høyre dei/ ljome opp bakkene, kvine/ ved trikkestoppet
Fullt kaos, og likevel med ein orden i ei splintra verd. Ikkje heilt ulikt 22/7. Den absurde kjensla den dagen, bare minutt etter bombeeksplosjonen, då eg trong å kome meg frå sentrum, og oppdaga, forvirra, litt redd, men også med ei ny, stor ro, at kollektivbussen rusla og gjekk rundt og rundt Oslo. Gjennom kaoset, gjennom folkemengder, no og då køyrande opp mot fortauet for å sleppe sjukebilane forbi.
Hjarte og roser. Men først og fremst hjarte har vore symbol for den kjærleik og samling som vi dyrka rett etter 22/7. Det har vore frykt for at vi skulle gløyme, at det fellesskapet som vi bygde umiddelbart etter terrorhendingane skulle "fade" ut, som øyresus, nynninga di// den eine tonen/ som etterfølgjer/ krasjet
Bøker som dette, er bøker som tør å ta opp det som er aller mest alvorleg og vanskeleg. Sorga. Det at ting skjer, store ting som vi ikkje bare kan skuffe bort og gå i frå. Ting som vi må ta inn i liva våre, som vi må integrere i det å vere menneske, i identitetane våre, i sjølve språket.
Hos Leganger har sorga blitt til ei rose å pynte seg med. Smerta er estetisert. Sjølv omgrepa for "død" er dikt. Sjølv når ho siterer NOU’ar og liknande: artium (lat., eig. "rommet med eldstad", av ater "svart, sverta av røyk")(s. 49), og slik lever dei i lag, dei to elskande: eg ville skrive/ skrifta i kroppen/ i sjudomen i symptoma/ i genetikken eg drøymde om å finne/ formelen for kjærleiken/ eit visst sett med hormon/ kombinasjonen deira/ etter orgasmen, i rusen/ ved forelskinga, eg ville plusse/ saman oksytocin, serotonin/ dopamin, med smerta i sjukdomen/ celledaude, med aldring, eg ville (…).
For denne lesaren blir den andre delen, frå side 49 til 75 den mest interessante. Her kjem musikaren og legestudenten, kunsten og medisinen saman på mest subtilt og vakkert vis: kroppen din blir ein streng/ som på ein av gitarane som du har tatt med inn/ som om eg skulle ta fingeren min bortpå/ ein av strengane og spenne han, litt meir/ enn det som godt er, sånn står du (…) og du lét ein finger gli over brystet mitt/ følgjer linene under huda, sjå// her under brystet kjem blodet ut/ frå hjartet sjå// her/ brusar blodet gjennom deg.
Så levande som liv kan bli. Og så det andre. Kva er død? § En person er død når det foreligger sikre tegn på total ødeleggelse av hjernen med et komplett og irreversibelt opphør av alle funksjoner i storehjerne, lillehjerne og hjernestamme. (s. 75)